Hopp til innhald

Tørka frukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike typar tørka frukt og nøtter.

Tørka frukt er matvarer laga av frukt som er blitt tørka, anten det er naturleg med sol eller luft, ved hjelp av ein dehydreringsmaskin, eller i industrielle anlegg. Tørking er ein av de eldste konserveringsmetodane ein kjenner, både for frukt og andre matvarer. Frukta kan nyttast som snacks, i butikkvarer som kornblandingar, eller som ingrediens i ulike matrettar.

Nesten havlparten av den tørka frukta som blir seld i verda er rosiner, laga av tørka druer. Deretter følgjer dadlar, svisker, fiken, aprikos, fersken, eple og pære.[1] Dette er tradisjonelle tørka frukttypar som blir tørka i sola eller i varme vindtunnelar. I mange andre frukter, som tranebær, blåbær, kirsebær, jordbær og mango blir det brukt søtemiddel (som sukrosesirup) før ein tørker dei. Ein produkt som blir selde som tørka frukt, som papaya, kiwi og ananas, er som regel eigentleg kandiserte.

Industriell tørking

[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre ulike tørkemetodar som ein bruker i industriell produksjon av tørka frukt: Frysetørking i vakuum, tørking i varmluftsanlegg og atmosfærisk frysetørking.[2]

  1. Hui, YH. Handbook of fruits and fruit processing. Blackwell Publishing, Oxford UK (2006) s. 81
  2. «Gemini – forskningsnytt fra NTNU og SINTEF». Arkivert frå originalen 5. februar 2009. Henta 18. oktober 2009.