Teresa Ciepły
Teresa Ciepły | |
Teresa Ciepły under Sommar-OL 1964 | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 19. oktober 1937 Brodnia Górna |
Død | |
Yrke | sprintar, friidrettsutøvar |
Språk | polsk |
Høgd | 166 centimeter |
Ektefelle | Olgierd Ciepły |
Teresa Ciepły på Commons |
Teresa Barbara Ciepły, fødd Teresa Wieczorek, (19. oktober 1937–8. mars 2006) var ein polsk friidrettsutøvar frå Brodnia som tevla i ulike sprintøvingar. Ho vann OL-gull i 1964 med Polen sitt lag på 4x100 meter stafett og vart europameister i 80 meter hekk i 1962.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Ciepły var ein av dei beste kvinnelege sprintarane i verda i i byrjinga av 1960-åra. Ho deltok for Polen i 4x100 m stafett under sommar-OL 1960 i Roma, og vart løna med ein bronsemedalje.
To år seinare vann ho to gullmedaljar i europameisterskapen i Beograd, fyrst i 80 meter hekkeløp og seinare i 4x100 meter stafett. I tillegg tok ho ein tredje medalje då ho sikra seg bronsen på 100 meter, bakom europameisteren Dorothy Hyman frå Storbritannia og vesttyske Jutta Heine.
Under sommarleikane 1964 i Tokyo vart Ciepły olympisk meister i 4x100 m stafett, saman med Irena Kirszenstein, Halina Górecka og Ewa Kłobukowska. I 80 m hekk vann ho sølvmedaljen på same tida, 10,5 sekundar, som olympiameisteren Karin Balzer frå Aust-Tyskland.
Ho var gift med sleggjekastaren Olgierd Ciepły.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Teresa Ciepły» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1937
- Døde i 2006
- Polske friidrettsutøvarar
- Polske hekkeløparar
- Polske sprintarar
- Europameistrar i friidrett for Polen
- Olympiske meistrar for Polen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Polske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Polske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964