Thumrait
Thumrait | |||
by | |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
guvernement | Dhofar | ||
Koordinatar | 17°40′01″N 54°01′58″E / 17.66694°N 54.03278°E | ||
Thumrait 17°40′01″N 54°01′58″E / 17.666944°N 54.032778°E | |||
Kart som viser Thumrait.
| |||
Wikimedia Commons: Thumrait |
Thumrait er ein liten by i sør i Oman langs hovudvegen mellom Dhofar og resten av Oman. I oldtida var Thumrait ein viktig stad langs karavanerutene på Den arabiske halvøya. Tidlegare var dyrking av røykjelse viktig i Thumrait, men dette er det mindre av no. Hovudnæringa til innbyggjarane er dyrking av frukt, grønsaker og dyrefôr.
Det omanske luftforsvaret har ein stasjon i Thumrait. Opphavleg var det eit oljedepot for luftfarten i regionen. Stasjonen vart nytta av amerikanarar, britar og allierte under Golfkrigen og den globale krigen mot terror i Afghanistan.[1]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Thumrait har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og varme vintrar. Her kjem lite nedbør, men det kan kome noko regn frå februar til april, i tillegg til i juni og august under monsunen.
Vêrdata for Thumrait | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 32,6 | 35 | 38,6 | 41 | 43,6 | 45,4 | 45 | 46 | 43,8 | 40 | 34,4 | 32 | 46 |
Gjennomsnittleg maks °C | 25,7 | 28,1 | 32,3 | 36 | 39,2 | 40,6 | 37,1 | 38,2 | 37,6 | 34,7 | 30,2 | 26,1 | 33,8 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 18,6 | 21,1 | 24,7 | 28,2 | 31,3 | 32,3 | 29,2 | 29,4 | 29 | 26,7 | 23 | 19,5 | 26,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 10,8 | 14,1 | 17,3 | 20,6 | 23,2 | 24,9 | 23,9 | 23,3 | 21,8 | 18,4 | 14,7 | 12 | 18,8 |
Lågast målte °C | 1,6 | 5,8 | 8,7 | 14,1 | 16,6 | 21,2 | 21,2 | 19,5 | 17,1 | 12 | 9 | 5 | 1,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 0,7 | 8,3 | 17,1 | 11,4 | 0 | 11,6 | 0,1 | 5,2 | 0 | 0 | 0 | 0,6 | 55 |
Gns. luftfukt (%) | 54 | 53 | 46 | 41 | 43 | 44 | 63 | 58 | 51 | 41 | 47 | 54 | 50 |
Kjelde: NOAA (1980-1990) [2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thumrait» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Thumrait flybase, Oman». Henta 31. januar 2014.
- ↑ «Thumrait Climate Normals 1980-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 16, 2013.