Treskjering
Treskjering eller treskurd er eit kunsthandverk der ein brukar knivar, meislar og andre verktøy til å utforma trevirke til nytte- og kunstobjekt. Tre er eit lett og mjukt materiale som ein kan skjera ut fine detaljar i. Teknikken kan til dømes brukast til masker, skulpturar og dekorasjonar av reiskapar, møblar, fargreier og bygningar.
Utskjering i tre er utbreidd gjennom svært mange kulturar, men tre held seg mykje dårlegare enn materiale som stein og bronse, fordi det lettare kan rotna, brenna eller øydeleggjast av insekt. Treskjering er derfor ofte gøymd frå kunsthistoria.[1] Utskore tre som står ute varer ikkje lenge dei fleste stader i verda, og ein kjenner derfor ikkje til kor lenge totempåletradisjonar har eksistert. Det finst fine døme på treskjering frå europeisk mellomalder, ofte med religiøse motiv.
Stilartar
[endre | endre wikiteksten]Treskjering finst i fleire stilartar.
Akantus
[endre | endre wikiteksten]Akantus er ein plante frå Middelhavet, der han veks vilt. Treskjering i akantusstil formar treet slik at det liknar på akantusplanten. Denne stilarten går heilt tilbake til gresk vasemåling og steinhogging. Seinare utvikla romarane motivet til eit ornament. Akantusmønsteret blei òg brukt i Europa i renessansen, men var mest populært i barokken. Akantusstilen frå barokktida er den som blir brukt i dag.
Først på 1600-talet kom akantusranka til Noreg, og blei brukt på altertavler og preikestolar i nye kyrkjer på den tida. Tida frå 1750 til 1850 er verdsett som gullalderen for norsk treskjerarkunst. Akantusstilen var mest populær på Austlandet og særleg i Gudbrandsdalen. I dag er akantusen eit av dei mest nytta motiva i moderne norsk treskjering.
Karveskurd
[endre | endre wikiteksten]Karveskurd er ein relativt enkel teknikk. Ein snittar eit geometrisk mønster i overflata av treet. Ein liten kniv med kort blad blir brukt til å skjera mønsteret i treet. Ein variasjon er å farga treet først. Dermed blir mønsteret framheva i trekvitt mot den farga overflata. Karveskurd blir mest brukt på små gjenstandar, og er utbreidd i samisk folkekunst.
Figurskjering
[endre | endre wikiteksten]Figurskjering består av å laga treskulpturer som er tredimensjonale. Det finst ein lang tradisjon i denne stilarten som har opphav langt attende i tid. Han blei dømes nytta til å skjera ut drakehovud i vikingtida. Ein del av den historiske figurskjeringa var knytt til religiøse og mytologiske symbol som til dømes utsmykking av stavkyrkjer.
Tradisjonar
[endre | endre wikiteksten]Noreg
[endre | endre wikiteksten]Treskjering har ein lang tradisjon i Noreg og finst i stort mangfald i både stil og skala.
Handverksskolen på Hjerleid på Dovre er den einaste skulen i Noreg med vidaregåande opplæring i treskjering.[2]
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Utskjering av ei ramme.
-
Treskjeringsverktøyy frå Japan
-
Treskjerar i arbeid med figurskjering
-
Detalj av figurskjering på stolpe frå Urnes stavkyrkje
-
Detalj av figurskjering frå Osebergskipet
-
Utskorne typar til trykking i uighur-skrift frå 1100-1200-talet.
-
Utskore tre i Bad Helmstedt i Niedersachsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sjå til dømes Martin Robertson, A shorter history of Greek art, s. 9, Cambridge University Press, 1981, ISBN 0-521-28084-2, ISBN 978-0-521-28084-6 Google books
- ↑ «Vg2 Design og trearbeid», hjerleid (på norsk bokmål), henta 17. januar 2020[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Treskjæring» frå Wikipedia på bokmål og «Wood carving» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Borgersen, Tom Skånsar(2001): Enkel treskjæring. Landbruksforlaget. Oslo.
- Engeland, Knut (1994): Treskjæring. Damm. Oslo. ISBN 82-512-0408-9
- Engeland, Knut (2009): Treskjæringsmønstre. Cappelen Damm. Oslo.
- Hauglid, Roar (1950): Akantus. I og II. Oslo.
- Magerøy, Ellen Marie (1983): Norsk treskurd. Oslo. ISBN 82-5212341-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Handverksskulen på Dovre ved Wayback Machine (arkivert 2011-07-24)
- Stilarter ved Wayback Machine (arkivert 2008-04-16)