Tsjara
Utsjånad
Tsjara | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 87 600 km² | ||
Lengd | 851 km | ||
Middelvassføring | 620 m³/s | ||
Kjelde | Kodar | ||
Munning | Oljokma | ||
Tsjara 56°38′40″N 117°36′04″E / 56.644444444444°N 117.60111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Chara (river) |
Tsjara (russisk Чара) er ei elv i Zabajkalskij kraj, Irkutsk oblast og Sakha i Russland og ei av sideelvane til Oljokma frå venstre. Elva er 851 km lang og har eit nedslagsfelt på 87 600 km². Elva har ei middelvassføring på 620 m³/s.
I nedslagsfeltet hennar er det over 7000 innsjøar med eit samla areal på om lag 248 km².
Elvar har utspring på sørsida av fjellet Kodar og renn gjennom Tsjaradalen med mange stryk.
Av sideelvar finn ein Vatsja og Zjuja, og frå Zjuja og nedover kan Tsjara seglast på.
Elva har gjeve namn til mineralet charoitt, som berre finst i Sakha, i nedslagsfeltet til Tsjara.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Чара (приток Олёкмы)» frå Wikipedia på russisk, den 24. oktober 2008.