Hopp til innhald

Tyra Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyra Banks

Statsborgarskap USA
Fødd 4. desember 1973 (50 år)
Inglewood
Yrke filmskodespelar, modell, programleiar, gründer, skodespelar, fjernsynsskodespelar, forretningsdrivande, songar, TV-produsent, game show-programleiar, talk-show-vert
Språk engelsk
Høgd 178 centimeter
Nettstad http://tyra.com/
Tyra Banks på Commons

Tyra Lynne Banks (fødd 4. desember 1973 i Los Angeles) er ein amerikansk supermodell, fjernsynspersonlegdom og skodespelar, songar, forfattar og forretningskvinne. Ho blei fyrst lagt merke til som ettertrakta modell i Paris, Milano, New York, London og Tokyo, og er den fyrste afroamerikanske modellen avbilda på forsida av Gentlemen's Quarterly, Sports Illustrated Swimsuit Issue og Victoria's Secret.

Banks sitt store kommersielle gjennombrot var derimot gjennom fjernsyn. Ho er skaparen av realityprogrammet America's Next Top Model, med-skapar av True Beauty, medverkande i Stylista og vertinne i sitt eige talkshow, The Tyra Banks Show.

Som skodespelar har ho mellom anna vore med i fjernsynsfilmen Life-Size og kinofilmen Coyote Ugly.