Hopp til innhald

Unilever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unilever


BransjeNæringsmiddelindustri
Skipa2. september 1929
Eigenandel iVaseline,[1] Calvé, Maizena, Dollar Shave Club
HovudkontorLondon, Rotterdam
LandStorbritannia, Kongeriket Nederlanda
Produktnæringsmiddel, klesvaskemiddel, kosmetikk, hurtigomsettelige forbruksgoder, vaskemiddel, eting, parfymeri
Grunnleggjar(ar)William Lever, 1st Viscount Leverhulme[2][3]
StyreleiarNils Smedegaard Andersen (november 2019),[4] Marijn Dekkers (april 2016),[5] Michael Treschow (mai 2007)[6]
Adm.dir.Paul Polman (januar 2009),[7][8] Patrick Cescau (april 2005)[9]
Resultat6 049 000 000 euro (2021),[10] 7 642 000 000 euro (2022)[11]
Nettstadhttps://unilever.com (engelsk)

Unilever er eit multinasjonalt industrikonsern som vart skipa i 1929 då den nederlandske margarinprodusenten Margarine Unie og den britiske såpefabrikken Lever Brothers slo seg saman. I dag[når?] er Unilever ein av verdas største produsentar av daglegvarer, særleg matvarer, vaskemiddel og hygieneartiklar, og frå hovudseta i Rotterdam og London styrer Unilever meir enn 247 000 medarbeidarar i over 80 land.

Historie i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Historia til Unilever i Noreg er lang. Føretaket har eksistert i Noreg sida september 1968 og er i dag[når?] leia av Sofia Kaasgaard. Unilever sine produkt har like fullt vore i Noreg lengre enn dette.

Historia går attende til eit samarbeid mellom Lilleborg og Denofa i slutten av 1920-åra. Sistnemnde var matoljeprodusent og vart skipa i 1912. Tilknytinga til Unilever har samanheng med at den britiske såpeprodusenten Lever Brothers hadde store eigedelar i Denofa.

Margarine Unie og Lever Borthers slo seg saman i 1930. Dette førte til at dei inngjekk ein eigen avtale om samarbeid med Lilleborg. Samarbeidet førte til at både produksjon og eigarskap av utvalde Unilever-merke vart tekne over av Lilleborg. Eit av desse merka var Sunlight.[12]

Samstundes som at Unilever i 1960-åra utvida seg i takt med at verdsøkonomien vart utvikla, etablerte føretaket seg på nye marknadar, blant anna i Noreg. Unilever Norge vart skipa i 1968.

Den norske delen av føretaket har hatt ei auke i omsetnaden frå rundt 173 millionar kroner i 2005 til over 208 millionar kroner i den norske marknaden i 2008.

I Norge er føretaket i dag[når?] representert gjennom Unilever Norge AS med merkevarer som Dove, Axe, Vaseline, Neutral, Domestos, Knorr, Lipton, Carte d'Or, Maizena, Maille, Slotts og Ben & Jerry's.[treng kjelde] Produkta vert distribuerte til daglegvarebutikkar og hotell/restaurantar over heile landet. Det er per dags dato[når?] 40 tilsette i Unilever Norge.[treng kjelde]

Satsing på iskrem

[endre | endre wikiteksten]

Unilever er verdas største aktør på iskrem. Deira globale del av marknaden er på 17 prosent, noko som svarar til kring 400 millionar forbrukarar. Den globale iskremmarknaden veks årleg med kring 3 prosent. Veksten er størst i Asia og Afrika, men òg i Europa kan ein sjå ein jamn vekst. Globalt står iskrem for 10 prosent av Unilever sin totale omsetnad.

Gjennom merkevarer som Magnum og Ben & Jerry’s er Unilever kjent for norske forbrukarar. På verdsbasis nyttar Unilever si iskremavdeling ein hjartelogo.

Unilever arbeidar med å utvikla lokale iskremprodukt av di smakspreferansane er ulike. Dette, saman med å adoptere produksjonen av kjente, lokale merkevarer har vore ein klar strategi for Unilever over lengre tid. Innanfor Unilever er det difor mange ulike iskremsatsingar. Merkevara Ben & Jerry’s er eit døme på dette. Ben & Jerry’s er unike grunna smak og satsing på CSR.

Unilever har fokus på å utvikla sterke band med sine detaljlister. Det er ein uttala strategi å ta vare på både små utsalsstadar og store daglegvaregrossistar.

Merkevarer

[endre | endre wikiteksten]
Lipton te er blant merkevarene til Unilever.

Knorr er den største internasjonale merkevara til Unilever. Omsetnaden er på totalt 2,3 milliardar euro i meir enn 100 land. Knorr har mange produkt, blant anna supper og buljongar, sausar, nudlar og middagsrettar.

Lipton te finst i over 110 land. Etter vatn er te den mest populære drykken i verda. Kvart år vert det drukke kring 1,8 milliardar tonn te i verda, og Lipton står for kring 153 000 000 000 koppar i året.

  1. https://www.unilever.com/brands/view-all-brands/; vitjingsdato: 14. november 2020.
  2. https://www.reuters.com/article/us-unilever-plc/unilever-buys-out-rights-of-co-founders-family-trusts-idUSBREA4I08E20140519.
  3. https://www.telegraph.co.uk/finance/newsbysector/retailandconsumer/10841930/Unilever-founders-descendants-sell-stock-rights.html.
  4. https://www.unilever.com/about/who-we-are/our-leadership/nils-andersen.html.
  5. https://web.archive.org/web/20190715125753/https://www.unilever.com/about/who-we-are/our-leadership/.
  6. https://web.archive.org/web/20160319034159/https://www.unilever.com/about/who-we-are/our-leadership/.
  7. https://web.archive.org/web/20181225013941/https://www.unilever.com/about/who-we-are/our-leadership/.
  8. https://web.archive.org/web/20081013124408/http://www.unilever.com/ourcompany/newsandmedia/pressreleases/2008/announcement040908.asp.
  9. https://web.archive.org/web/20081021115038/http://www.unilever.com/ourcompany/aboutunilever/companystructure/executivecommitttee/default.asp.
  10. «2021 Full Year Results» (PDF). 
  11. «2022 Full Year Results» (PDF). 9. februar 2023. 
  12. Sunlight[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]