Varebil
Utsjånad
Varebil, også kalla kassevogn/«kassavogn», er eit nyttekøyretøy med lasterom, utan sete bak førarsetet og med fastmontert skillevegg mellom forseta og lasterommet.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]Etter norsk lovgjeving er ein varebil ein bil med maksimum totalmasse på 3500 kg som ikkje har sete bak førarsetet og som i tillegg har fastmontert skiljevegg mellom forsetene og lasterommet[1]. Varerommet skal vera så stort at ei kasse minimum 140 cm lang, 90 cm brei og 105 cm høg passar inn. For å føra varebil krevst det førarkort klasse B, som for personbil.
I 2015 var det registrert 450 385 varebilar i Noreg.[2]