Vesle Zab
Vesle Zab | |||
kurdisk Zêy Koya eller Zêyê Biçûk[1], arabisk الزاب الاسفل(al-Zāb al-Asfal)[1], farsi زاب کوچک (Zâb-e Kuchak), assyrisk ܙܒܐ ܬܚܬܝܐ (Zāba taḥtāya) | |||
elv | |||
Land | Iran, Irak | ||
---|---|---|---|
Region | Irakisk Kurdistan | ||
Guvernement | Erbil guvernement | ||
Kommune | Erbil | ||
Nedslagsfelt | 22 000 km² | ||
By | Qaladiza, Dukan, Taqtaq, Altin Kopru | ||
landemerke | Dukansjøen | ||
Koordinatar | 35°14′17″N 43°26′11″E / 35.23806°N 43.43639°E | ||
Lengd | 400 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 197,8 m³/s | ||
• maks | 3 420 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Zagrosfjella, Iran | ||
• høgd | 3 000 moh. | ||
Munning | Tigris | ||
- stad | Kirkuk guvernement, Irak | ||
Vesle Zab 36°33′49″N 45°14′21″E / 36.563634°N 45.239078°E | |||
Kart som viser Vesle Zab.
| |||
Wikimedia Commons: Little Zab |
Vesle Zab eller Nedre Zab (arabisk الزاب الاسفل, al-Zāb al-Asfal; kurdisk Zêy Koya eller Zêyê Biçûk; farsi زاب کوچک, Zâb-e Kuchak; assyrisk ܙܒܐ ܬܚܬܝܐ, Zāba Taḥtāya) er ei elv som spring ut i Iran og munnar ut i Tigris like sør for Al Zab i Kurdistan-regionen i Irak. Elva er kring 400 km lang og drenerer eit område på kring 22 000 km². Elva får vatn frå regn og snøsmelting, og har høgast vassføring om våren og låg vassføring om sommaren og tidleg på hausten. Det er bygd to demningar i Vesle Zab som regulerer vassføringa og som bidreg til at ein kan vatne jordbruksområda og skape vassenergi. Zagrosfjella har vore busette sidan minst nedre eldre steinalder, men dei tidlegare arkeologiske funna i nedslagsfeltet til Vesle Zab, Barda Balka, er datert til midtre eldre steinalder. Ein har gjort funn ved Vesle Zab i alle arkeologiske periodar sidan den gongen.
Elveleiet
[endre | endre wikiteksten]Vesle Zab spring ut i Zagrosfjella i Iran i ei høgd på kring 3000 moh.[2] I den øvre leia renn Vesle Zab gjennom dei større fjellkjeldene som utgjer Zagrosfjella. Elva renn derfor gjennom dalane som hovudsakleg går frå nordvest til søraust, parallelt til dei store fjellkjedene i Zagros, og endrar berre retning brått der ho skjer gjennom desse fjella i tronge kløfter.[3] Vesle Zab renn ut på sletta sør for Dukan, der ho først går om lag vestover før ho svingar sørvestover oppom byen Altun Kopru og munnar ut i Tigris nær byen Al Zab.[4] Dei fleste sideelvane til Vesle Zab har samløp oppfor Dukan, og dei største av desse er Baneh og Qala Chulan.[3] Fleire mindre elvar munnar ut i Vesle Zab på Ranyasletta, som i dag delvis er dekt av Dukansjøen.[5]
Ein liten del av Vesle Zab dannar grensa mellom Iran og Irak, og langs den nedre leia dannar ho grense mellom Erbil guvernement og Sulaymaniyah guvernement, og mellom Erbil og Kirkuk guvernement. Elva får vatn frå snøsmelting og regn, og har størst vassføring frå februar til mai. Lågast vassføring har ho frå juli til oktober. Middelvassføringa til Vezle Zab er 197,8 kubikkmeter i sekundet, men på det meste er vassføringa vorte målt til 3 420 kubikkmeter per sekund. I året renn det 7,2 kubikkilometer med vatn ut elva.[6][7][8] På grunn av dei mange stryka i elva kalla arabiske geografar Vesle og Store Zab for «besette av demonar».[1]
Nedslagsfelt
[endre | endre wikiteksten]Nedslagsfeltet til Vesle Zab dekkjer kring 22 000 km²;[2][9] frå staden der Dukandammen er bygd. Størsteparten av vassdraget (74 %) ligg innafor Irak, og resten i Iran.[9] I nord grensa nedslagsfeltet til Store Zab og i sør til elvane Adhaim og Diyala.
Vezle Zab kryssar særs mangfaldige klimatiske og økologiske sonar. Årsnedbøren langs leia går frå meir enn 1000 mm i dei iranske Zagrosfjella, til mindre enn 200 mm ved samløpet med Tigris nær Al Zab.[10] Middeltemperaturen følgjer eit liknande mønster, der fjelldalane generelt har langt kaldare vintrar enn foten av fjella medan somrane er langt varmare i låglandet.[11] I dei høge Zagrosfjella er det tre forskjellige økosonar. Tregrensa er på kring 1800 moh. Den dominerande vegetasjonen mellom 1800 og 610 moh var open eikeskog, men det er ikkje mykje att av denne originale vegetasjonen. Elvedalane er dominert av planter som likar mykje vatn og myrlendte område var tidlegare utsett for malaria. Mange av dei er i dag drenerte.[12][13][14] Foten av fjella, særleg Arbilsletta, er tungt oppdyrka, men det finst naturleg vegetasjon her og der.[15]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bosworth 2010
- ↑ 2,0 2,1 Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works 2006a, s. 64
- ↑ Shahin 2007, s. 249
- ↑ Fink & Ostrizhnov 1983, s. 519
- ↑ Kolars 1994, s. 87
- ↑ 9,0 9,1 Frenken 2009, s. 203
- ↑ Buringh 1960, s. 43
- ↑ US Air Force Combat Climatology Center 2009
- ↑ Edmonds 1957, s. 20
- ↑ Solecki 2005, s. 164
- Denne artikkelen bygger på «Vesle Zab» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Al-Soof, Abu (1968), «Distribution of Uruk, Jamdat Nasr and Ninevite V Pottery as Revealed by Field Survey Work in Iraq», Iraq 30 (1): 74–86, ISSN 0021-0889, JSTOR 4199840
- Al-Soof, Behnam Abu (1970), «Mounds in the Rania Plain and Excavations at Tell Bazmusian (1956)», Sumer 26: 65–104, ISSN 0081-9271
- Biglari, Fereidoun; Shidrang, Sonia (2006), «The Lower Paleolithic Occupation of Iran», Near Eastern Archaeology 69 (3–4): 160–168, ISSN 1094-2076, JSTOR 25067668
- Bosworth, C.E. (2010), «AL-Zāb», i Bearman, P.; Bianquis, Th.; Bosworth, C.E.; van Donzel, E.; Heinrichs, W.P., Encyclopaedia of Islam, Second Edition, Leiden: Brill Online, OCLC 624382576
- Braidwood, Robert J.; Howe, Bruce (1960), Prehistoric Investigations in Irakisk Kurdistan (PDF), Studies in Ancient Oriental Civilization 31, Chicago: University of Chicago Press, OCLC 395172
- Buringh, P. (1960), Soils and Soil Conditions in Iraq, Bagdad: Ministry of Agriculture, OCLC 630122693
- Edmonds, C.J. (1957), kurdarar, Turks, and arabarar. Politics, Travel and Research in North-Eastern Iraq 1919-1925, London: Oxford University Press, OCLC 397502
- Eidem, Jesper (1985), «News from the Eastern Front: The Evidence from Tell Shemshāra», Iraq 47: 83–107, ISSN 0021-0889, JSTOR 4200234
- Fink, A.K.; Ostrizhnov, I.D. (1983), «Dokan Hydroelectric Station in Iraq», Power Technology and Engineering 17 (10): 519–522, ISSN 1570-1468, doi:10.1007/BF01425181
- Frenken, Karen (2009), Irrigation in the Middle East Region in Figures. AQUASTAT Survey 2008, Water Reports 34, Rome: FAO, ISBN 978-92-5-106316-3
- Hunt, Will (2010), Arbil, Iraq Discovery Could be Earliest Evidence of Humans in the Near East, Heritage Key, henta 4. august 2010
- Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works (2006a), «Volume I: Overview of Present Conditions and Current Use of the Water in the Marshlands Area/Book 1: Water resources», New Eden Master Plan for integrated water resources management in the marshlands areas, New Eden Group
- Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works (2006b), «Annex III: Main Water Control Structures (Dams and Water Diversions) and Reservoirs», New Eden Master Plan for integrated water resources management in the marshlands areas, New Eden Group
- Isaev, V.A.; Mikhailova, M.V. (2009), «The Hydrology, Evolution, and Hydrological Regime of the Mouth Area of the Shatt al-Arab River», Water Resources 36 (4): 380–395, ISSN 0097-8078, doi:10.1134/S0097807809040022
- Kliot, Nurit (1994), Water Resources and Conflict in the Middle East, Milton Park: Routledge, ISBN 0-415-09752-5
- Kolars, John (1994), «Problems of International River Management: The Case of the Eufrat», i Biswas, Asit K., International Waters of the Middle East: From Eufrat-Tigris to Nile, Oxford University Press, s. 44–94, ISBN 978-0-19-854862-1
- Mohammadifar, Yaghoub; Motarjem, Abbass (2008), «Settlement Continuity in Kurdistan», Antiquity 82 (317), ISSN 0003-598X
- Mortensen, Peder (1970), Tell Shimshara. The Hassuna period, Historisk-Filosofiske Skrifter 5, 2, Copenhagen: Kongelige Danske videnskabernes selskab, OCLC 562453801
- Naval Intelligence Division (1944), Iraq and the Persiabukta, Geographical Handbook Series, OCLC 1077604
- Nováček, Karel; Chabr, Tomáš; Filipský, David; Janiček, Libor; Pavelka, Karel; Šída, Petr; Trefný, Martin; Vařeka, Pavel (2008), «Research of the Arbil Citadel, Irakisk Kurdistan, First Season», Památky Archeologické 99: 259–302, ISSN 0031-0506
- Shahin, Mamdouh (2007), Water Resources and Hydrometeorology of the Arab Region, Dordrecht: Springer, ISBN 978-1-4020-5414-3
- Solecki, Ralph S. (1963), «Prehistory in Shanidar Valley, Nord-Irak: Fresh Insights into Near Eastern Prehistory from the Middle Paleolithic to the Proto-Neolithic are Obtained», Science 139 (3551): 179–193, PMID 17772076, doi:10.1126/science.139.3551.179
- Solecki, Ralph S. (2005), «The Bekhme Dam Project in Kurdistan Iraq. A Threat to the Archaeology of the Upper Zagros River Valley», International Journal of kurdisk Studies 19 (1/2): 161–224, ISSN 1073-6697
- Stein, Diana L. (1997), «Nuzi», i Meyers, Eric M., The Oxford Encyclopedia of Archaeology in the Ancient Near East 4, New York: Oxford University Press, s. 171–175, ISBN 0-19-506512-3
- US Air Force Combat Climatology Center (2009), Climate of Iraq, NOAA, henta 4. august 2010
- van de Mieroop, Marc (2007), A History of the Ancient Near East, ca. 3000–323 BC. Second Edition, Blackwell History of the Ancient World, Malden: Blackwell, ISBN 978-1-4051-4911-2
- Villard, Pierre (2001), «Arbèles», i Joannès, Francis, Dictionnaire de la Civilisation Mésopotamienne, Bouquins (på fransk), Paris: Robert Laffont, s. 68–69, ISBN 978-2-221-09207-1
- Zeder, Melinda A. (1999), «Animal Domestication in the Zagros: A Review of Past and Current Research», Paléorient 25 (2): 11–25, ISSN 1957-701X, doi:10.3406/paleo.1999.4684