Vitskap i 1953
Utsjånad
Vitskapsår |
1951 | 1952 | 1953 | 1954 |1955 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1953 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1953.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 5. april – Francis Crick og James Watson publiserte "Molecular Structure of Nucleic Acids: A Structure for Deoxyribose Nucleic Acid" i Nature[1] (først kunngjort 28. februar) der dei foreslår ein spiralstruktur for DNA.[2] Dei kjem til å dele Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1962 med Maurice Wilkins som publiserte resultat frå røntgenkrystallografi i same nummer av Nature.[3] Den tredje relaterte artikkelen vart publisert samstundes av Rosalind Franklin og Raymond Gosling, «Molecular Configuration in Sodium Thymonucleate».[4]
- 15. mai – Stanley Miller publiserte resultat frå Miller-Ure eksperimentet i Science. Mange kjemikarar vart overraska av at organiske molekyl som finst i levande organismar enkelt kan dannast av enkle kjemikaliar.[5]
- 4. september – Oppdaginga av REM-søvn vart publisert for første gong av forskarane Eugene Aserinsky og Nathaniel Kleitman ved Chicagos universitet.[6]
- Frederick Reines og Clyde Cowan utførte i løpet av våren det første eksperimentet der nøytrino vart oppdaga med den første nøytrinodetektoren (kadmium) bygd av dei ved det kjernefysiskeanlegget Hanford Site i Washington; forløpige resultat vart publisert i løpet av sommaren.[7] Dette, som først vart diskutert med Enrico Fermi og andre 1951–2, gjer at dei får Nobelprisen i fysikk i 1995.
- Maurice Ewing og Bruce Heezen oppdaga den djupe djuphavskløfta langs sentrum av Den midtatlantiske ryggen, eit viktig bidrag til teorien om platetektonikk.[8]
- Rudolph Pariser, Robert G. Parr og John Pople publiserte ein datareknande kvantekjemiteori for molekylorbitalar.[9]
- Alan Turing publiserte ein artikkel som skildrar dei første 1 104 nullpunkta for Riemanns zeta-funksjon, kulmineringa av 15 års arbeid om korleis ein nyttar datamaskinar for å løyse eit grunnleggende problem innanfor talteori.[10]
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Bigsbymedaljen: Kingsley Charles Dunham[11]
- Copleymedaljen: Albert Jan Kluyver
- De Morgan-medaljen: Edward Charles Titchmarsh
- Ingenjörsvetenskapsakademien deler ut den store gullmedaljen till Erik Hägglund
- Nobelprisen:[12]
- Wollastonmedaljen: Erik Andersson Stensio[13]
Etableringer
[endre | endre wikiteksten]- 16. februar – Det pakistanske vitskapsakademiet vart oppretta
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 14. mai – Martin Page, britisk botanikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 25. februar – Sergei Winogradskij, russisk mikrobiolog (fødd 1856)
- 17. april – Sven Gustaf Wingquist, svensk maskiningeniør, oppfinnar, og forretningsmagnat (fødd 1876)
- 22. april – Jan Czochralski (fødd 1885)
- 15. august – Ludwig Prandtl tysk fysikar (fødd 1875)
- 28. september – Edwin Hubble, amerikansk astronom[14] (fødd 1889)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1953» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Watson, J. D.; Crick, F. H. C. (1953). «Molecular Structure of Nucleic Acids: A Structure for Deoxyribose Nucleic Acid» (PDF). Nature 171: 737–738. Henta 1. mars 2011.
- ↑ «Scientists describe 'secret of life'». On This Day. BBC. 25 april1953. Henta 10. januar 2008.
- ↑ Wilkins, M. H. F.; Stokes, A. R.; Wilson, H. R. (1953). «Molecular Structure of Deoxypentose Nucleic Acids» (PDF). Nature 171: 738–740. Henta 1. mars 2011.
- ↑ Franklin, Rosalind E.; Gosling, R. G. (1953). «Molecular Configuration in Sodium Thymonucleate» (PDF). Nature 171: 740–741. Henta 1. mars 2011.
- ↑ Miller, Stanley L. (1953). «A Production of Amino Acids Under Possible Primitive Earth Conditions». Science 117: 528–9. JSTOR 1680569.
- ↑ Aserinsky, Eugene; Kleitman, Nathaniel (1953). «Regularly Occurring Periods of Eye Motility, and Concomitant Phenomena, During Sleep». Science 118: 273–274. JSTOR 1680525.
- ↑ Reines, F.; Cowan, C. L., jr (1953). «Detection of the Free Neutrino». Physical Review 92 (3): 830–831. doi:10.1103/PhysRev.92.830.
- ↑ Ewing, Maurice; Heezen, Bruce C.; Ericson, D. B.; Northrop, John; Dorman, James (1953). «Exploration of the Northwest Atlantic Mid-ocean Canyon» (PDF). Bulletin of the Geological Society of America 64: 865–868. Henta 1. mars 2011.
- ↑ Pariser, R.; Parr, R. G. Journal of Chemical Physics 21(466): 767; Pople, J. A. Transactions of the Faraday Society 49: 1375.
- ↑ Turing, Alan M. (1953). «Some calculations of the Riemann zeta-function». Proceedings of the London Mathematical Society 3: 99–117.
- ↑ «Geological Society». Henta 13. april 2011.
- ↑ «Nobelprisen». Henta 10. april 2011.
- ↑ «Geological Society». Henta 14. april 2011.
- ↑ Så funkar universum, James Muirden