Hopp til innhald

Wałbrzych

Koordinatar: 50°47′0″N 16°17′0″E / 50.78333°N 16.28333°E / 50.78333; 16.28333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wałbrzych
Książborga/Fürstensteinborga i Wałbrzych
Książborga/Fürstensteinborga i Wałbrzych
Książborga/Fürstensteinborga i Wałbrzych
Flagget til Wałbrzych Byvåpenet til Wałbrzych
Flagget til Wałbrzych Byvåpenet til Wałbrzych


Plassering
Wałbrzych is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Nederschlesiske
Grunnlagd
Byrettar
800-talet
1400
Geografi
Flatevidd
 - By

84,70 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

125 773
  1485/km²
Koordinatar 50°47′0″N 16°17′0″E / 50.78333°N 16.28333°E / 50.78333; 16.28333
Høgd over havet 350 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 58-300 til 58-309, 58-316
Telefon-retningsnummer +48 074
Bilnummer DB
Nettstad: www.um.walbrzych.pl


Wałbrzych (tysk Waldenburg) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen med om lag 125 000 innbyggjarar (2006). Frå 1975–1998 var han hovudstad i Wałbrzych voivodskap. Han ligg om lag 70 km sørvest for regionshovudstaden Wrocław og om lag 10 km frå grensa til Tsjekkia.

Dei eldste skriftlege kjeldene om byen går tilbake til 1100-talet. Mellom 1100- og 1300-talet, under Piast-dynastiet vart Książborga (Fürstensteinborga), (polsk Zamek Książ) og festninga Nowy Dwór bygd. Waldenburg fekk byrettar på 1400-talet. Etter at Piast-familien døydde ut kom Waldenburg inn under dei schlesiske riddarfamiliane, først Schaffgotsche, seinare Czettritze og frå 1738, Hochberg-familien, eigarar av Fürstensteinborga fram til 1941. Kolgruvedrift i området vart nemnd for første gong i 1536. Waldenburg vart omforma til eit industrisenter i det austlege tyskland på byrjinga av 1800-talet, då kol- og veveindustrien blømde. I 1843 fekk byen første jernbanesamband, som knytte han til Breslau (Wrocław). Tidleg på 1900-talet vart det bygd eit glasverk og ein stor porselensfabrikk, som framleis er i drift i dag. I 1939 hadde byen om lag 65 000 innbyggjarar.

Byen kom relativt uskadd frå den andre verdskrigen og voks raskt etter krigen. På byrjinga av 1990-åra vart kolgruvene rundt byen stengd.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wałbrzych