Wallace-linja
Wallace-linja (eller Wallacelinja) er ei grenselinje for fauna som den britiske naturforskaren Alfred Russel Wallace definerte i 1859. Ho skil den asiatiske økosona frå Wallacea, der Wallacea representerer ei overgangssone mellom Asia og Australia. Vest for Wallace-linja finst organismar knytt til asiatiske artar, aust for linja ei blanding av artar av asiatisk og australsk opphav. Linja er kalla opp etter Alfred Russel Wallace, som la merke til dette klåre skiljet under reisene han gjorde gjennom Malayarkipelet på 1800-talet. Linja går gjennom Indonesia, mellom Borneo og Sulawesi, og gjennom Lomboksundet mellom Bali og Lombok. Avstanden mellom Bali og Lombok er liten, ca. 35 kilometer. Mange fugleartar har distribusjon vest eller aust for linja, sidan mange fuglar ikkje kryssar sjølv dei minste strekningane med ope hav. Nokre flaggermusartar derimot har distribusjonar som kryssar linja, men andre pattedyr er generelt avgrensa til den eine eller den andre sida, eit unntak er apearten krabbemakak. Andre grupper av plantar og dyr viser ulike mønster, men det generelle mønstret er slåande og rimeleg konsistent.
Flora følgjer ikkje Wallace-linja i same grad som fauna.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wallace Line» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2013.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Van Welzen, P. C.; Parnell, J. A. N.; Slik, J. W. F. (2011). Wallace's Line and plant distributions: Two or three phytogeographical areas and where to group Java?. Biological Journal of the Linnean Society 103 (3): 531.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Too Many Lines; The Limits of the Oriental and Australian Zoogeographic Regions George Gaylord Simpson, Proceedings of the American Philosophical Society, Vol. 121, No. 2 (Apr. 29, 1977), pp. 107–120
- Wallacea Research Group Arkivert 2009-09-05 ved Wayback Machine.
- Map of Wallace's, Weber's and Lydekker's lines