Hopp til innhald

Wallis- og Futunaøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wallis- og Futunaøyane
øygruppe
Flagg
Symbol
Land  Frankrike
Hovudstad Mata-Utu
Areal 274 km²
Folketal 11 558 (2018)[1]
Språk fransk, futunaisk, uveisk
Tidssone UTC +12
Retningsnummer +681
Kart
Wallis- og Futunaøyane
14°18′07″S 178°06′34″W / 14.30181°S 178.10932°W / -14.30181; -178.10932
Kart over Wallis- og Futunaøyane.
Kart over Wallis- og Futunaøyane.
Kart over Wallis- og Futunaøyane.
Wikimedia Commons: Wallis and Futuna

Wallis- og Futunaøyane (fransk Wallis-et-Futuna, futunisk og uveisk Uvea mo Futuna) er eit fransk oversjøisk område i Stillehavet. Det omfattar Wallisøyane (Uvea) i nord og Futunaøyane i sør. Arealet er 274 km² og folketalet 11 558 (2018).

Øyane vart først folkesette av polynesiske folkeslag. Dei vart først vitja av europearar på 1600-talet. Franske misjonærar kom dit i 1837 og konverterte folket til katolisismen. Dei vart gjort til fransk protektorat i 1887 og 1888. Dei vart ein fransk koloni, underlagt Ny-Caledonia i 1917. I 1961 vart dei eit fransk oversjøisk territorium, og tilknytinga til Ny-Caledonia vart broten. I 2003 fekk dei status som fransk oversjøisk «kollektivitet».

Det store fleirtalet av folket på øyane, 97,3 % i 2003, er av polynesisk opphav, med eit lite mindretal av fransk opphav. Over 16 000 menneske med opphav frå Wallis- og Futunaøyane bur på Ny-Caledonia. Dei fleste snakkar polynesiske språk, uveisk (fakauvea) på Wallisøyane og futunaisk (fakafutuna) på Futunaøyane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wallis- og Futunaøyane