Walter Cronkite
Utsjånad
Walter Cronkite | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. november 1916 Saint Joseph |
Død |
17. juli 2009 (92 år) |
Yrke | journalist, nyhetsanker |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, American Philosophical Society |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Walter Leland Cronkite |
Mor | Helen Fritsch |
Walter Cronkite på Commons |
Walter Leland Cronkite, jr. (4. november 1916–17. juli 2009) var ein amerikansk journalist. Han arbeidde som journalist i Europa under og i tida etter andre verdskrigen. Frå 1950 var han tilsett i CBS. Han rapporterte frå fleire kjende hendingar, som Nürnbergprosessen, Vietnamkrigen og gisselkrisa i Iran.
Cronkite var programleiar og redaktør for nyhendeprogrammet CBS Evening News (1962–81), der han som ein høgt respektert og truverdig journalist var med på å utvikle den politiske kommentaren. I seinare år var han med som programleiar eller gjest i fleire kjende fjernsynsprogram.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Walter_Cronkite» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Walter Cronkite» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2009.