Hopp til innhald

Wharfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wharfe
elv
Bru over Wharfe ved Otley
Land  England
Grevskap West Yorkshire, North Yorkshire
Lengd 97 km
Kjelde ved Langstrothdale Chase i Yorkshire Dales
Kart
Wharfe
53°50′38″N 1°07′47″W / 53.84399482°N 1.12961769°W / 53.84399482; -1.12961769
Wikimedia Commons: River Wharfe

Wharfe er ei elv i Yorkshire i England. Langs store delar av løpet sitt utgjer ho grensa mellom West og North Yorkshire.

Elva renn gjennom Wharfedale. Ho har utspringet sitt ved Langstrothdale Chase i Yorkshire Dales, og renn gjennom Kettlewell, Grassington, Bolton Abbey, Addingham, Ilkley, Otley, Wetherby og Tadcaster. Ho renn så inn i Ouse nær Selby, omkring 97 km frå utspringet. Den øvre delen av elva, ned til området ved Addingham, blir kalla Upper Wharfedale, og elva har der ein markant annan karakter enn lenger ned.

Wharfe er kjent for å vere ei farleg elv for symjarar, og det har vore ei rekkje drukningsulykker der.

Samløpet mellom Oughtershaw Beck og Green Field Beck som dannar elva Wharfe i Langstrothdale nær Beckermonds