Who Are You
Who Are You Studioalbum av The Who | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. august 1978 | |
Innspelt | September 1977 til april 1978 | |
Studio | Ramport Studios i Battersea; Olympic Studios; RAK Studios, St John's Wood og Pete Townshend sitt eige studio i Goring-on-Thames | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 42:13 | |
Selskap | Polydor, MCA | |
Produsent | Glyn Johns, Jon Astley | |
The Who-kronologi | ||
---|---|---|
The Story of The Who (1976) |
Who Are You | The Kids Are Alright (1979)
|
Singlar frå Who Are You | ||
|
Who Are You er det åttande albumet av det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 18. august 1978 på Polydor Records i Storbritannia og MCA Records i USA. Det nådde andreplassen på den amerikanske salslista og sjetteplass i Storbritannia. Albumet er det siste med Keith Moon som trommeslagar. Moon døydde berre nokre veker etter albumet kom ut.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Who Are You kom ut på eit tidspunkt då dei to store leiarane innan rock, progressive rock og punkrock, kjempa mot kvarandre med sine motsette stilar. Pete Townshend skreiv songar som var eit forsøk på å bringe dei to stilane saman. Albumet syner nokre av dei mest komplisert strukturerte songane som Townshend nokon gong hadde laga med mange lag av synthesizerar og strykarar. Moon si dårlege helse kjem til syne i nokre av songane og den frenertiske spelinga han var kjend for manglar på mange av songane. Han gjev likevel ei mektig framføring på tittelsporet.
Det gjekk tre år mellom Who Are You og det førre albumet, The Who by Numbers. Bandet hadde drive bort frå kvarandre i denne perioden og bandmedlemmene hadde arbeidd på forskjellige soloprosjekt. Moon hadde vorte sterkt avhengig av alkohol og dop og var generelt utslitt etter den intensive turneringa bandet hadde gjort dei føregåande ti åra. Bandet var særleg uroa over helsa til Moon, sidan han berre klarte å delta nokre få veker av innspelinga og ikkje klarte å spele i 6/8-takt på «Music Must Change». Trommene vart derfor heilt fjerna frå sporet og berre nokre få cymbalslag vart nytta. Moon døydde mindre enn ein månad etter utgjeinvar. På omslaget kan ein sjå Moon sittjande i ein stol med skiltet «Not to be taken away» («Må ikkje fjernast»).
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B+[2] |
MusicHound Rock | 3/5[3] |
Rolling Stone | (favourable)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Albumet vart ein kommersiell suksess og selde til to gonger platina i USA og nådde andre plassen på albumlista her, bak filmmusikken til Grease. Forvetningane til den turneen som skulle følgje albumet var stor, men turneen vart utsett då Moon døydde kort tid etter albumet kom ut. Kenney Jones erstatta Moon på turneen i 1979. Med var òg John Bundrick på keyboard. Bundrick hadde vore invitert til å studioinnspelinga av albumet, men braut armen sin då han fall på veg ut av taxien ved studioet og kunne ikkje delta.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «New Song» | 4:12 |
2. | «Had Enough» (John Entwistle) | 4:30 |
3. | «905» (Entwistle) | 4:02 |
4. | «Sister Disco» | 4:21 |
5. | «Music Must Change» | 4:37 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Trick of the Light» (Entwistle) | 4:48 |
2. | «Guitar and Pen» | 5:58 |
3. | «Love Is Coming Down» | 4:06 |
4. | «Who Are You» | 6:21 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «No Road Romance» | 5:05 |
11. | «Empty Glass» (Tittelsporet for soloalbumet til Pete Townshend, Empty Glass) | 6:23 |
12. | «Guitar and Pen» (Olympic '78 Mix) | 6:02 |
13. | «Love Is Coming Down» (Work-in-Progress Mix) | 4:05 |
14. | «Who Are You» (Lost Verse Mix) | 6:22 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Who
[endre | endre wikiteksten]- Roger Daltrey – solovokal, perkusjon
- Pete Townshend – gitar, korvokal, piano, synthesizer, solovokal på «Sister Disco» (mellomspel), «No Road Romance» og «Empty Glass»
- John Entwistle— bassgitar, korvokal, synthesizer, blåsarar på «Had Enough» og «Music Must Change», solovokal på «905»
- Keith Moon – trommer, perkusjon
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rod Argent – synthesizer på «Had Enough», piano på «Who Are You», klaverinstrument på «Guitar and Pen» og (ikkje oppført) «Love is Coming Down»
- Ted Astley – strykearrangement
- Andy Fairweather-Low – korvokal på «New Song», «Had Enough», «Guitar and Pen», «Love Is Coming Down» og «Who Are You»
- Billy Nicholls – korvokal på «New Song» og «Had Enough»
- Michael Nicholls — korvokal på «Had Enough»
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Billboard Pop Albums | 2[6] |
1978 | UK Chart Albums | 6[7] |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1978 | «Who Are You | Billboard Pop Singles | 14 |
1978 | «Who Are You» | UK Singles Chart | 18[7] |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[8] | 2× Platina | 200 000^ |
Storbritannia (BPI)[9] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[10] | 2× Platina | 2 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Who Are You» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- www.thewho.net. Who Are You Liner Notes Arkivert 2007-07-01 ved Wayback Machine..
- www.allmusic.com. Who Are You Credits.
- ↑ Who Are You på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 6. oktober 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 30. mars 2017, henta 8. oktober 2019
- ↑ «The Who: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2011. Henta 6. oktober 2019.
- ↑ «Artist Chart History – The Who». AllMusic. Henta 6. oktober 2019.
- ↑ 7,0 7,1 «The Who at». Chartstats.com. Henta 6. oktober 2019.
- ↑ «Canadian album salstrofé – The Who – Who Are You». Music Canada.
- ↑ «British album salstrofé – The Who – Who Are You». British Phonographic Industry. Enter Who Are You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – The Who – Who Are You». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH