Hopp til innhald

Zamora-Chinchipe-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zamora Chinchipe
provins
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Zamora
Areal 10 584,28 km²
Folketal 110 973 (2022)[1]
Språk spansk
Kart
Zamora-Chinchipe-provinsen
4°10′00″S 78°53′00″W / 4.1666666666667°S 78.883333333333°W / -4.1666666666667; -78.883333333333
Kart som viser Zamora-Chinchipe-provinsen.
Kart som viser Zamora-Chinchipe-provinsen.
Kart som viser Zamora-Chinchipe-provinsen.
Wikimedia Commons: Zamora-Chinchipe Province

Zamora Chinchipe (spansk uttale [saˈmoɾa tʃinˈtʃipe]) er ein provins i Ecuador. Han dekkjer eit areal på rundt 10 600 km² og har omtrent 110 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Zamora, men den største byen og handelssenteret er Yantzaza.

Plassering

[endre | endre wikiteksten]

Provinsen ligg søraust i Ecuador, i Oriente, den ecuadorianske delen av Amazonaslåglandet. Han grensar i vest til provinsen Loja, i nordvest til Azuay, i nord til Morona-Santiago, og i aust og sør til Peru.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i Zamora Chinchipe lever av jordbruk. I tillegg er tropisk tømmerhogst ein viktig aktivitet. Kunsthandverk har også eit nærvær i regionen.

Spesielt kantonen Zamora er kjend for dei rike gullførekomstane sine, som har vore utnytta sidan gammalt av. Gull blir framleis vunne ut i nokre gruver, til dømes Nambija, men ved bruk av heller gammaldagse metodar.

Provinshovudstaden Zamora vart grunnlagd i 1550 av Alonso de Mercadillo, som også grunnla byen Loja.

Provinsen Zamora Chinchipe vart danna frå provinsen Oriente, som vart grunnlagt i 1911, eller frå provinsen Santiago-Zamora, som vart skilt ut frå Oriente i 1920. Den 10. november 1953 vart Santiago-Zamora delt i to provinsar. Den nordlege delen vart til provinsen Morona Santiago med hovudstaden Macas, medan den sørlege delen vart til Zamora Chinchipe.

På grunn av plasseringa ved grensa mot Peru har den austlege delen av provinsen vore åstad for fleire konfliktar mellom dei to nabolanda. Spesielt Cordillera del Cóndor var eit konfliktområde under den peruansk-ecuadorianske grensekrigen i 1981.

Provinsen er delt inn i 9 kantonar, den mest folkerike kantonen er Zamora med over 30 000 innbyggjarar.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zamora-Chinchipe-provinsen