Hopp til innhald

The Beatles

Frå Wikiquote
The Beatles

The Beatles var eit rockeband frå Liverpool i England som var verksame frå 1960 til 1970. Kvar av medlemmene - John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr - hadde seinare solokarrierar.

Sagt om The Beatles

[endre]

Opphavleg tekst:

«Christianity will go. It will vanish and shrink. I needn't argue with that; I'm right and I will be proved right. We're more popular than Jesus now; I don't know which will go first — rock and roll or Christianity. Jesus was all right, but his disciples were thick and ordinary. It's them twisting it that ruins it for me.»

Informasjon
Opphav: John Lennon
Opphavleg mål: Engelsk

År: 1966
Kontekst: Dette var ei av dei mest omtala utsegnene til John Lennon, og opprørte folk over heile verda. Ho var del av eit intervju av Maureen Cleave i den engelske avisa Evening Standard, trykt den 4. mars 1966. Den korte versjonen av sitatet, teke ut av kontekst og ofte feilsitert som at «Beatles er større enn Jesus», førte til protestar i det USA-amerikanske Bibelbeltet. Beatles-plater blei brunne på bål og Ku Klux Klan spikra album til ein kross og brann dokker av bandmedlemmene. Beatles meinte dette ikkje var så mykje å ta på veg for, ettersom folk først måtte kjøpa album for å brenna dei.

Lennon ba seinare om orsaking for utsegna, på ein pressekonferanse i Chicaco den 11. august 1966. Orsakinga blei godteken av Vatikanet.

«I suppose if I had said television was more popular than Jesus, I would have gotten away with it. I'm sorry I opened my mouth. I'm not anti-God, anti-Christ, or anti-religion. I wasn't knocking it or putting it down. I was just saying it as a fact and it's true more for England than here. I'm not saying that we're better or greater, or comparing us with Jesus Christ as a person or God as a thing or whatever it is. I just said what I said and it was wrong. Or it was taken wrong. And now it's all this.»
Stikkord
Jesus
The Beatles
rock
popularitet
kristendom
«Me er meir populære enn Jesus no.»
John Lennon i 1969.


«Me er meir populære enn Jesus no.»   John Lennon


Sitat frå songar

[endre]
Teke frå sing365.com
Opphavleg tekst:
«It's getting better all the time»

Informasjon
Opphav: Paul McCartney (The Beatles)

Kjelde:«Getting Better» (song)
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (album)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1967
Kontekst: «Getting Better» er ein positiv song hovudsakleg skriven av Paul McCartney. I ei av linjene i songen svarer John Lennon på påstanden om at det går betre at «det kan ikkje bli verre» - it can't get no worse. (Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. ISBN 0-8050-5249-6. Oppgjeve i Engelsk Wikipedia.)

Stikkord
forbetringar
tid
utvikling
optimisme
«Det går betre heile tida.»
The Beatles i 1963


«Det går betre heile tida.»   Paul McCartney



Teke frå Eleanor Rigby på Nynorsk Wikipedia.
Opphavleg tekst:
«All the lonely people, where do they all come from?
All the lonely people, where do they all belong?»

Informasjon
Opphav: Paul McCartney (The Beatles)

Kjelde:«Eleanor Rigby» (song)
Revolver (musikkalbum)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1966

Stikkord
einsemd
opphav
«Alle dei einsame, kvar kjem dei alle frå?
Alle dei einsame, kvar høyrer dei no til?»


«Alle dei einsame, kvar kjem dei alle frå?
Alle dei einsame, kvar høyrer dei no til?»   Paul McCartney