Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2016
Sjømerke eller eit seglmerke er ein gjenstand som er plassert til havs eller på land for å rettleie navigering av fartøy. Seglmerket skal gje informasjon til navigatøren om posisjon innanfor ein maritim kanal eller i ei skipslei, dei skal varsle om farar og administrere område for trygg ferdsel for båtar og sjøfly.
Sjømerke kan vere med eller utan ljos og utforma i mange variantar. Dagmerke, altså merke utan ljos, er flytande og faste merke som til dømes stakar, stenger, vardar, trebåkar (tårnliknande konstruksjonar), støypejarnsøylar og måla flekkar på bergflater. Sjømerke med ljos er mellom anna fyrlykter, lanterner, ljosbøyer; dei gjer si nytte både om dagen og natta.
Sjømerke kan grovt reknast til tre typar, enten 1) ei flytande bøye som er forankra i havbotnen, 2) ei stong eller ein stake som står fast på land eller på havbotnen eller 3) ein varde, ein båke eller eit anna dagmerke som står på land eller på grunt vatn. Les meir …