Emil er eit mannsnamn som kjem frå fransk Émile. Namnet har opphav i det romerske slektsnamnet Aemilius som går tilbake til latin aemulus med tydinga ‘ivrig’.

Namnedag er 23. januar. Emilie og Emma har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Emil

Kulturell bruk

  • Jean-Jacques Rousseaus roman «Emil» om barneoppseding (1762) gjorde namnet populært. Også andre bøker om barn har medverka til populariteten.
  • «Emil og detektivene» (1928) av Erich Kästner.
  • Astrid Lindgrens bøker om Emil i Lönneberga (1963–1970). Mens det utan tvil er «ugagnskråka» Emil som har gjort namnet populært dei siste tiåra (også via TV), har foreldre derimot vore lite interesserte i å ta i bruk Pippi, den opprørske jenta som bryt med vante kjønnsroller. Den manglande interessa for Pippi som jentenamn kan kanskje ha samanheng med den spesielle lydstrukturen i dette namnet.

Kjende personar med namnet Emil

Eit utval personar med namnet Emil, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 749 menn i Noreg som hadde Emil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Emil var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 405 gutar som fekk namnet Emil, og det var det mest populære gutenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Det er svært få franske namn blant dei frekvente mannsnamna: Emil, André, Leon og Remi. Emil skil seg ut med to toppfasar, den fyrste i perioden 1870–1884 og den siste 2005– 2014. Grunnen til populariteten i den siste perioden er nok figuren Emil i Astrid Lindgrens bøker om Emil i Lönneberga.

Utvikling i bruk av namnet Emil frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Emil frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emil på 1800-talet.

Emil var mest brukt i Kristiania og Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emil på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Emil var mest brukt i Kristiania og Hedmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Emiil.)

Historisk bruk av namnet Emil
Historisk bruk av namnet Emil
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg