Faktaboks

Eva Kolstad

Eva Lundegaard Kolstad

Fødd
6. mai 1918, Halden
Død
26. mars 1999, Oslo
Verke
Politiker og kvinnesaksforkjemper
Familie

Foreldre: Lektor Christian Hartvig (1872–1932) og Otlu Lundegaard (1881–1942).

Gift 1942 med generalsekretær Ragnar Kolstad (22.5.1914–13.9.1998), sønn av landbruksskolestyrer og politiker Peder Ludvik Kolstad (1878–1932) og Ingrid Mathiesen (1879–1954).

Svigerinne til Henning Alsvik (1911–95).

Eva Kolstad

Eva Kolstad. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Eva Kolstad
Av /NTB Scanpix ※.

Eva Kolstad var ein norsk kvinnesakspioner og politikar for Venstre. Ho var ei drivkraft i likestillingspolitikken i store delar av 1900-talet. I 1974 vart ho den første kvinna som vart vald til leiar av eit stortingsparti i Noreg. Fem år seinare vart ho landets og verdas første likestillingsombod.

Bakgrunn

Eva Kolstad var fødd i Halden i Østfold. Ho tok examen artium ved Oslo Handelsgymnasium i 1938 og eksamen som statsautorisert revisor 1945.

Politikaren

Politisk karriere

Eva Kolstad mfl.

Eva Kolstad til venstre og Helge Seip (truleg) til høgre, truleg tatt i Oslo i samband med stortingsvalet i 1957.

Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Alt som gymnasiast melde ho seg inn i Norsk Kvinnesaksforening og var leiar i foreininga frå 1956 til 1968. Samfunnsengasjementet tok henne til partiet Venstre. Hun var medlem av Oslo bystyre og formannskap i 1960–1975 og vararepresentant på Stortinget i 1958–1961 og 1965–1969. Ho var forbrukarminister i Lars Korvalds regjering i 1972–1973. Ho var partileiar i Venstre i 1974–1976. Ho var dimed den første kvinna som vart vald til leiar av eit stortingsparti i Noreg. Eitt år tidlegare hadde Berit Ås blitt den første kvinnelege partileiaren i Noreg.

Likestillingspolitikk

Kolstad meinte at retten til likestilling måtte sikrast gjennom lovverket. Same rett til utdanning og løn var blant kampsakene. I Norsk Kvinnesaksforening arbeidde ho for å få avvikla samskatten, frå 1921. Denne skatteordninga gjekk ut på at det var ektefellane si samla inntekt som var grunnlaget for skatt, noko som gjorde at det ikkje lønte seg for gifte kvinner å vere yrkesaktive. Som Venstre-politikar var ho med å fjerne samskatten i 1959.

Første likestillingsombodet

Lik undervisning for gutar og jenter og rett for kvinner til å verte prest og politi var andre reformer Kolstad fekk igjennom, med likestillingslova i 1979 som krona på verket. Same året utnemnde Stortinget henne til det første likestillingsombodet i Noreg – og i verda. Ho var likestillingsombod i 1979–1988.

Andre verv

Kolstad var veldig aktiv i kvinnebevegelsen og var leiar i Norsk Kvinnesaksforening i 1956–1968, styremedlem i International Alliance of Women i periodane 1949–1958, 1961–1967 og 1973–1975 og regjeringsoppnemnd representant i FNs kvinnekommisjon i 1969–1975. Eva Kolstad var leiar for Likestillingsrådet i 1977–1987.

Heider

Ho fekk St. Hallvard-medaljen i 1976, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1983 og var æresmedlem av Venstre og Norsk Kvinnesaksforening sin internasjonale organisasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gunnar Bergby (red.): Underveis. Festskrift til Eva Kolstad. Oslo 1988
  • Helene Freilem Klingberg: «Den tålmodige optimist», i Ottar Grepstad og Jostein Nærbøvik (red.): Venstres hundre år. Oslo 1984
  • Eva Kolstad: «Ut av mørket – fram i lyset», i Kari Skjønsberg (red.): Hvor var kvinnene? Elleve kvinner om årene 1945–1960. Oslo 1979

Faktaboks

Eva Kolstad
Historisk befolkingsregister-ID
pa00000000326636

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg