ISO 3166 er ein internasjonal standard som definerer kodar for statar, dei oversjøiske område deira og underinndeling av land.
Faktaboks
- Også kjend som
-
nynorsk Kodar for land og underinndelingane deira, bokmål Koder for land og underinndelingene deres, engelsk Codes for the representation of names of countries and their subdivisions
Kodane i standarden er svært utbreidde, og blir brukte til mange ulike føremål. Dei nasjonale toppnivådomena på internett er for eksempel baserte på standarden, for eksempel .no for Noreg, .se for Sverige, .jp for Japan og .pf for Fransk Polynesia. ISO 3166-kodane er òg svært utbreidde i statistikk og datautveksling.
Den fyrste utgåva av ISO 3166 (med alfabetiske landkodar) vart gjeve ut i 1974; i 1981 kom det numeriske landkodar; mellom 1997 og 1999 kom kodane for underinndelingar av land og tidlegare land.
ISO 3166 blir forvalta av ISO 3166 Maintenance Agency i Genève. Kodane blir fastsette av ein komité med medlemer frå standardiseringsorganisasjonane i Frankrike, USA, Storbritannia, Tyskland, Japan, Australia, Kenya, Kina og Sverige; i tillegg til Det internasjonale atomenergibyrået IAEA, Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart ICAO, Den internasjonale teleunionen ITU, Internettselskapet for tildelte namn og nummer ICANN, Den internasjonale postunionen UPU og FNs økonomiske kommisjon for Europa UNECE.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.