Det var gruvedrift på jernmalm i Rødsand Gruber ved Tingvollfjorden i Nesset kommune fram til 1982. Det er ei rekkje kalk- og marmorbrot i fylket, særleg på Nordmøre og i Romsdal. I Vanylven på Sunnmøre er det betydelege olivinførekomster i drift.
Historisk har ein betydeleg del av industrien i fylket vakse fram av husflid og handverk. Konfeksjonsbedrifter vart tidlegare drivne ved leigesaum i heimane, og møbelindustri vaks fram frå småproduksjon. Med tida vaks det fram industrimiljø som vart karakteristiske for området. Konfeksjonsindustrien var framståande i Romsdal, trikotasjeindustrien i Ålesund og Sunnmøre elles, og møbelindustrien i fjordbygdene på Sunnmøre. Fiskeria har på si side gitt opphav til råstofforientert industri som sildolje-, hermetikk- og klippfiskproduksjon og fiskevarefabrikkar.
Kraftutbygging har vore ein sterk impuls til industrireising i fylket, men likevel er det berre Hydro Aluminium på Sunndalsøra som tilhøyrer den kraftkrevjande industrien. Primær jern- og metallindustri er på den bakgrunn avgrensa til 4,6 prosent av sysselsetjinga innan industrien i fylket (2019).
I 2019 hadde Møre og Romsdal 21 819 sysselsette i industrien og er med det nummer tre blant fylka i landet etter sysselsetjing bak Rogaland og Vestland. Næringsmiddelindustrien, med 16,6 prosent av fylkets sysselsette i industri (2019), har tyngdepunktet sitt på kysten av Sunnmøre, særleg i Ålesund og Giske, og på Stranda, likeins lenger nord i fylket, særleg i Molde og Hustadvika i Romsdal og Kristiansund og Averøy på Nordmøre.
Bransjane trevareindustri og møbelindustri omfatta i alt 9,9 prosent av industriens sysselsette i 2019. Sykkylven kommune, med mellom anna Ekornes, har over halvparten av sysselsetjinga i fylket i desse to bransjane sett under eitt, 68 prosent av møbelindustrien åleine.
Verkstadsindustrien utgjer i alt 46,4 prosent av industrien i Møre og Romsdal etter sysselsetjing (2019), det aller meste i maskinindustri (18,3 prosent), bygging av skip og boreplattformer (14,5 prosent) og metallvareinndustri (9,9 prosent).
Eit av dei største industriprosjekta i 1990-åra, utbygginga av Heidrunfeltet på Haltenbanken, med ilandføring av naturgass til Tjeldbergodden i Aure kommune og ei vidareforedling av gassen i ein metanolfabrikk, eit LNG-anlegg og ein luftgassfabrikk med meir, vart fullført i 1997. Ilandføringsanlegget for gass frå Ormen Lange-feltet på Nyhamna i Aukra, eit av dei største industriprosjekta i Noreg nokosinne, starta drifta i 2007.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.