Frå kolonitida kjenner vi mellom anna massive folkemord i den belgiske kolonien Kongo. Det osmanske folkemordet på armenarane under første verdskrigen og det nazistiske folkemordet på jødar og andre under andre verdskrigen er andre døme. Eit nyare døme er folkemordet i Rwanda i 1994, på oppunder ein million tutsiar og moderate hutuar
Fordrivinga av nordamerikanske urfolk til reservat, eller av palestinarar då Israel vart skipa (1948), kan òg reknast som etnisk reinsing. Det siste vert forsvart som nødvendig for å få ein særskilt jødisk stat, men kritisert som eit overgrep frå dei som meiner at palestinarane sine rettar ikkje skulle lide skade, slik Balfour-fråsegna (1917) lova. Ein annan metode er avtalar om «folkebyte» mellom granneland. Det skjedde mellom Tyrkia og Hellas etter første verdskrigen. Ein gresk minoritet flytta frå Tyrkia, og ein tyrkisk minoritet flytta frå Hellas, etter avtale mellom statane. Restane av Det osmanske riket gjennomførte folkemord på mange hundre tusen frå den greske minoriteten under krigen, og greske troppar hadde massakrert tyrkarar. Sjølv om ein kan tvile på om alle flytta frivillig, kan eit slikt avtalt folkebyte vere det beste tilgjengelege alternativet ved slike omstende.
Etnisk reinsing kan gjennomførast med diskrimerande tiltak eller rasering av livsgrunnlag og levekår, som gir tilsynelatande frivillig utflytting. Etnisk/kulturell einsretting kan òg skje ved å hindre vidareføring/reproduksjon av folk og kulturar over tid, ved tvangssterilisering eller ved å gjere utsette folkegrupper meir lik folkegruppa til makthavarane. Det siste kan til dømes skje ved å hindre språkopplæring i eigne språk eller å fremje religionsskifte. Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar kan reknast som eit slikt tilfelle.
Etnisk reinsing er brot på folkeretten, menneskerettane eller urfolkskonvensjonen der det går ut over urfolk. Det skaper flyktningproblem – særleg for granneland, der menneske flyktar frå folkemord eller vert drivne frå eigedom og livsgrunnlag. Flyktningbølgjene frå krigen i Syria er døme på det. Etnisk reinsing kan òg hindre forsoning og utvikling av demokrati, fordi minne om overgrep gjer det vanskeleg å byggje tillit. Etnisk reinsing fører ofte til store materielle øydeleggingar, som gir økonomiske utfordringar i ettertid.
Kommentarar (2)
skreiv Frode Lindgjerdet
svarte Dag Einar Thorsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.