Dei eldste bevarte templa er frå Gupta-perioden på 300–400-talet evt. Dei er bygde i stein, men det må ha eksistert tempel i tre, murstein og liknande tidlegare. Det indiske tempelet utvikla snart ein grunnplan som med små variasjonar er bevart til vår tid. Sjølve heilagdommen, der gudebiletet står, garbhagriha (av sanskrit ‘morslivshuset’), er eit mørkt rom som opnar seg mot ein eller fleire større hallar, mandapa, der dei besøkjande samlar seg og rituala blir utførte.
Utanfor dette rommet kan det vere ein meir open veranda eller ein søylehall. Hovudtårnet ligg over det inste «morslivshuset», og heile byggverket ligg gjerne på ei plattform som har same grunnplan som sjølve tempelet. Tempelet, med eventuelle sidebygningar, er ofte omgitt av ein høg, firkanta mur, gjennombroten av portalar som kan vere praktfulle byggverk i seg sjølv. Heile tempelet blir ofte oppfatta som eit mikrokosmos, det vil seie som eit bilete på universet.
Frå Gupta-perioden og den følgjande tida finn vi ei rekkje tempel som er hogne ut i klippeveggen i form av holer, og dei er ofte prydde med storslåtte relieff. Blant dei eldste er Udayagiri i Gwalior frå 400-talet, eventuelt med eit fire meter høgt relieff av Vishnu som villsvin, og frå 400–700-talet er holene ved Badami og Ellora.
I ei særstilling kjem det praktfulle Kailasha-tempelet ved Ellora – eit monolittisk tempel (det vil seie hogge ut av éi steinblokk) frå rundt 760 evt. Tempelet skal vera ein jordisk kopi av guden Shivas bustad. Noko seinare vart ei hole ved Mumbai, kjend som Elephanta-hola, hoggen ut, men etter dette vart det ikkje lenger hogge ut holetempel i India.
I tida etter Gupta-dynastiet kan tempelarkitekturen delast inn i to hovudstilartar: den nordlege (indo-ariske), karakterisert ved avrunda tårn og avrunda grunnplan, og den sørlege (dravidiske), karakterisert ved pyramideforma tårn og rektangulære grunnplan. Av eldre tempel i den nordlege stilen er ikkje noko bevart i dei større byane. Den muslimske erobringa på 1000-talet førte til omfattande raseringar, og materiale frå øydelagde tempel vart ofte brukte til å byggje moskear.
Av seinare regionale skular kan nemnast:
-
Odisha på 900–1200-talet, kjent for Lingaraja-tempelet i Bhubaneshwar og Surya (Sol)-tempelet i Konarak frå 1200-talet.
- Templa til Candella-dynastiet i Khajuraho på Nord-Deccan frå 900–1000-talet, oppførte i litt mindre målestokk, men overdådig utsmykka med skulpturar både utvendig og innvendig. Templa i Konarak og Khajuraho er kjende for dei erotiske skulpturane sine. Desse templa er oppførte på UNESCOs liste over natur- og kulturarven i verda.
- Eit tredje senter er Gujarat på 1000–1200-talet med mellom anna Somnath-tempelet, som vart oppført på nytt i opphavleg form i 1959.
Sør-India har vore mindre utsett for invasjonar og øydeleggingar. Dei eldste bevarte templa finst i Aihole og Badami i Karnataka og er frå 400–700-talet evt. Stilhistorisk står dei i ei mellomstilling mellom nord og sør. Tempelanlegga ved Mamallapuram, sør for Chennai i Tamil Nadu, er frå 700-talet.
Eineståande er her mellom anna eit relieff i friluft, om lag 25 gonger 10 meter, som illustrerer elva Ganges' nedstiging frå Mjølkevegen til jorda. Fleire tempel er bevarte frå Chola-dynastiet, som varte frå år 900 til 1150, mellom anna det over 60 meter høge Shiva-tempelet i Thanjavur.
Frå 1100-talet begynte utviklinga av tårnliknande portalar, gopura, i dei ytre tempelmurane. Dette vart etter kvart det mest karakteristiske trekket i sørindisk tempelarkitektur. Talet på tårnportalar auka stadig, dei fekk større dimensjonar og vart dekte av eit mylder av mytologiske figurar som var måla i sterke fargar. Blant dei mest kjende er Meenakshi-tempelet i Madurai, Srirangam-tempelet utanfor Tiruchirapalli og tempelet ved Rameshwaram, alle med anlegg frå 1500–1600-talet.
Ei spesiell utvikling av den blanda Deccan-stilen er templa frå Hoyshala-dynastiet si tid på 1100–1300-talet i det sørlege Karnataka. Dei er karakteriserte ved stjerneforma grunnplan, ofte utan tårn, og ein eineståande rikdom av skulpturar og dekorative friser både innvendig og utvendig. Mest praktfullt er Hoyshaleshvara-tempelet i Halebid frå 1100-talet, som i raffinert dekorativ utsmykking er utan like i India. Ei siste blomstringstid fekk Deccan-stilen i Vijayanagara-riket frå 1336 til 1565, til dømes i Vitthala-tempelet i Hampi.
Tempelarkitekturen innanfor hinduismen har ikkje gjennomgått nemneverdig fornying sidan 1600-talet, og dei fleste tempel som er bygde i nyare tid, nyttar ulike stilartar nokså fritt som dekorative innslag.
Kommentarar (10)
skreiv Lars Nygaard
svarte Knut A. Jacobsen
skreiv Knut A. Jacobsen
skreiv Mariell Brandsegg
svarte Knut A. Jacobsen
svarte Mariell Brandsegg
skreiv Olve Rasmussen
svarte Knut A. Jacobsen
skreiv Marius Hauso
svarte Marius Hauso
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.