Studentopprørarane var opptatt av kvardagen på lærestadene, så vel som større samfunnsspørsmål. I USA og Frankrike reagerte studentane på universitets rolle som in loco parentis, det vil seie som erstatning for foreldra. Det gjaldt ikkje minst forholdet mellom kjønna. Studentrørsla i Noreg og Vest-Tyskland tok opp kampen mot omlegging av høgre utdanning (i Noreg ved Ottosen-komiteen) fordi studentane frykta innskrenkingar i akademisk fridom. Studentane aksjonerte ofte for å betre studentvelferda, gjennom mellom anna husokkupasjonar, også ved skandinaviske universitet og høgskular. Overalt stilte studentane krav om større medverknad, både i styringsorgan og i sjølve studia, om pensa, undervisningsmetodane og eksamensformene. Mens studentar i USA fekk oppretta studieemne som handla om dei ulike minoritetsgruppene, fekk pedagogikkstudentane på Blindern gjennomslag for eit heilt nytt studium i sosialpedagogikk med tilhøyrande institutt.
Den store internasjonale saka var Vietnamkrigen (1965–1973), og det var så å seie unison oppslutning globalt om protesten mot USAs krigføring i Vietnam. I det heile tatt var solidaritet med den såkalla tredje verda svært sentral, og internasjonale brennpunkt som Biafra, Sør-Afrika (apartheid), Palestina og Chile engasjerte mange. Antiimperialisme og antiamerikanisme prega opprøret ideologisk, og marxisme i ulike variantar hadde relativt stor appell, spesielt blant studentar i nord og sør.
Hos eit svært aktivt, men klart fåtal av studentane, fekk marxisme-leninisme ein renessanse, først og fremst gjennom Mao Zedong, men også inspirert av Che Guevara og Fidel Castros Cuba. Norske maoistar gjorde seg sterkt gjeldande i studentopprøret, men det vart ikkje nokon revolusjon verken i Noreg eller i andre vestlege land. For nokre av studentrebellane enda studentopprøret i raud terrorisme. I Vest-Tyskland utførte Baader-Meinhof-gruppa, også kjent som Røde Armé Fraksjon, kidnappingar og drap, og i Italia stod Røde brigader for det same. Også i Danmark oppstod det ein terroristorganisasjon midt i København, den såkalla Blekingegadebanden.
Trass i ein venstrepolitisk profil omfamna studentopprøret også grøn kritikk av industrikapitalismen og forbrukarsamfunnet, samtidig som det anarkistiske ved opprøret var med på å bane veg for større individuell fridom og sjølvrealisering. Det politisk radikale studentopprøret mot etablerte autoritetar og myndigheiter kunne også bidra til å legitimere høgresida sin kritikk mot «formyndarstaten», altså offentleg innblanding og kontroll over individet. Paradoksalt nok kunne altså venstrevinden vere med og skape høgrebølgja. Slik var opprøret òg med på å opne samfunnet for den liberalistiske, om ikkje konservative, høgrepolitikken som følgde i kjølvatnet til opprøret i Vesten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.