Lars Moen var ein norsk skreddar og Arbeidarpartipolitikar frå Oppland. Moen medverka til utforminga av Arbeidarpartiet sin skule- og kulturpolitikk i åra rett etter andre verdskrigen.
Lars Moen
Faktaboks
Lars Magnus Moen
- Fødd
- 29. november 1885, Lesja, Innlandet
- Død
- 22. april 1964, Dovre, Innlandet
- Verke
- Skreddar og politikar
- Familie
-
Foreldre: Husmann Tore Ingebrigtson Moen (1859–1944) og Marie Larsdotter Dale (1862–1903).
Gift 1911 med Kirstine Diseth (14.11.1878–24.3.1948), dotter til korporal Tollef Diseth (1851–1929) og Anne Engebretsdotter Thingstad (1853–79).
Bakgrunn
Lars Moen var fødd i Lesja i Gudbrandsdalen. Han gjekk i skreddarlære på Lillehammer, og etter ei tid i Elverum etablerte han seg som skreddar på Dombås i 1911.
Politisk karriere
Han var sentral i utviklinga av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen. Frå 1920 var han med i Dovre kommunestyre og var i ei årrekkje medlem av Dovre skulestyre og Oppland fylkesskulestyre. I perioden 1932–1948 var han formann for Gudbrandsdal Arbeidarparti. Åra 1928–1957 representerte han Oppland på Stortinget. Han var kyrkje- og undervisningsminister under to statsministrar (Einar Gerhardsen og Oscar Torp) i 1948–1953.
Som stortingsrepresentant sat Moen i kyrkje- og undervisningskomiteen. Ein periode var han òg formann. Gjennom heile si politiske gjerning var han engasjert i kultur- og skulespørsmål. Som kyrkje- og undervisningsminister gjorde han ein viktig innsats for å spreie kulturgoda til bygdene. I hans statsrådstid vart institusjonar som Riksteatret (1949), Riksgalleriet (1952) og Norsk Bygdekino (1950) etablerte. Andre viktige kultur- og forskingsinstitusjonar vart skipa i denne perioden, mellom anna Norsk Språknemnd (1952), Universitetet i Bergen (1948), Norges allmennvitenskapelige forskningsråd (1949) og Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd (1949).
Lars Moen medverka til å stake ut skulepolitikken til Arbeidarpartiet, som etter kvart tok form av den 9-årige einskapsskulen og var den viktigaste utdanningspolitiske reforma dei første tjue åra etter krigen. Moen var oppteken av målsaka og var sjølv nynorskbrukar, og han gjekk inn for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk.
Motstandskamp og forfattarskap
På grunn av illegalt arbeid under krigen vart Moen arrestert og send til Grini og Sachsenhausen. Under fangenskapet skreiv han dikt, utgitt i diktsamlinga Dikt frå Sachsenhausen (1945).
Ei byste av Moen står på Dombås, laga av Nils Aas i 1977.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Marit Bakke: Kultur som kollektivt gode. Velferdspolitikk og distriktshensyn i kulturpolitikken fra 1920-årene til i dag. Oslo 2005
- Trond Bergh: Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bd. 5: Storhetstid (1945–1965). Oslo 1987
- Dikt fra Sachsenhausen. Oslo 1945
- Einar Haugen: Riksspråk og folkemål. Norsk språkpolitikk i det 20. århundre. Oslo 1969
- Oddmund Hoel: «Vegen fram mot språkfredsnemnda. Noko om den målpolitiske kursendringa til Arbeidarpartiet 1945–1964», Dragen nr. 1/1992
- Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier. Oslo 1985
- Kåre Selnes: «Moen, Lars Magnus», Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo 1957
- Tønnes Sirevåg: Katedral og karusell. Streiflys på skole og politikk i krig og fred. Oslo 1981
Kommentarar (2)
skreiv Sigmund Tveit
Det er oppgitt at Moen døde 22. juli 1964. Andre kilder, for eksempel https://stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=LAMO oppgir 22. april samme år. Juli eller april, hva er rett?
svarte Ida Scott
Hei! Takk for tilbakemelding. Det ser ut til at 22. april er rett, det er datoen digitalarkivet oppgir: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001949108. Jeg har endra datoen både her og i NBL. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.