I nyare tid har OL-arrangementet vore omdiskutert i mange land, sidan kostnadane for å arrangere OL har auka drastisk. Krava til infrastruktur, fasilitetar og sikring er høge, og norske byar som Tromsø, Oslo, Trondheim, Lillehammer og Telemark har alle løfta fram ideen om å bli arrangørar, men har ikkje fått den nødvendige støtta verken i folket eller på Stortinget. Dei høge økonomiske krava har òg ført til at mange land er tilbakehaldne med å søkje om å arrangere vinter-OL, fordi utgiftene til arrangementet vil gjere solide innhogg i statsbudsjetta.
Eit døme er sikringsutgiftene som etter terroråtaka 11. september 2001 blei mangedobla. Under sommar-OL i Sydney i 2000 vart det brukt rundt 1,6 milliardar kroner på sikring, medan sommar-OL i Aten brukte i overkant av tolv milliardar kroner berre fire år seinare. Summen har i ettertid halde seg på dette nivået. Vidare har også rekorddyre arrangement som sommar-OL i Beijing (2008), med ein budsjettsprekk på over 200 milliardar kroner, og vinter-OL i Sotsji i 2014, med meir enn 330 milliardar i meirforbruk, vore med på å forsterke inntrykket av pengesløsing.
I tillegg har kritikken hagla mot Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), organet som står bak meisterskapen, mellom anna på grunn av skuldingar om korrupsjon innanfor IOC, dopingbruk og andre skandalar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.