Genser
Genser er eit langerma strikkeplagg til overkroppen som ein tek på og av seg ved å trekka det over hovudet. Ein har gjerne genser på oppå andre klede, og kan bruka han både som inneplagg eller ytterplagg. Genser er som regel eit nokså laust, mjukt plagg og blir gjerne knytt til praktisk og uformell bruk, men har også vore brukt som moteplagg.
Historie
endreNamnet på plagget er avleidd frå engelsk gansey eller guernsey som viser til øya Guernsey i Den engelske kanalen. Øya har hatt ein strikkeindustri sidan mellomalderen. Ho blei særleg kjend for dei tettstrikka overdelane laga for sjømenn. Desse genserane blei strikka med tjukt garn på fleire tynne strikkepinnar og inneheldt naturleg lanolin, noko som gjorde dei nær vind- og vasstette. På 1800-talet blei det sag at det fanst Guernsey-genserar «i hamnene i størsteparten av verda».[1] Dei blei særskild knytt til fiskarar og sjøfolk, og blei tekne i bruk som uniform i den britiske marinen på 1800-talet.[2]
Ein strikka genserar i ei rekkje ulike kystområde eller område med mykje ullproduksjon. Det blei utvikla stadeigne strikkeformer, som arran, fair isle-, setesdalsmønster og så bortetter. Plagga var ofte like på fram- og baksida, slik at ein kunne snu dei og bruka dei lengre.[3]
Genseren blei eit fritidsplagg frå rundt 1890-åra, først hovudsakleg brukt av menn til sport som golf og sykling. I løpet av 1900-talet fekk genseren ei vid utbreiing som både mote- og kvardagsplagg. Han blei også eit vanleg kvinneplagg.[4] Den fargerike fair isle-genseren blei særs populær i 1920-åra då den unge prinsen av Wales (seinare kong Edvard VIII) brukte han i golfturneringar og let seg fotografera og måla med han.[5] På 1940-talet blei det utvikla meir tettsitjande, kortare genserar, nokre gonger i kombinasjon med ei liknande strikkejakke som twinset. Seinare fekk ein også plagg som var mykje lengre, som genserkjolenn, eller lausare. På 2010-talet blei det rapportert om bruk av store genserar som ytterplagg att, utanpå jakker.[5]
Utforming
endreEin genser er sett saman av ein bol som omsluttar kroppen og erme som typisk dekkjer størstedelen av armen. Han har ofte ribbekantar ytst i ermene og nedst ved livet, og kan ha ulike former for krage oppe ved halsholet. Nokre genserar kan ha hette eller lommer, eller dei kan brukast med belte. Genserar kan vera einsfarga, mønstra eller eit bilete på den store flaten framme eller bak.
I den tradisjonelle strikkemåten på Guernsey strikker ein bolen rundt opp til halsholet, der ein avsluttar med ein trong ribbekant. Armhola blir klipte opp og sydde i kantane, før ein plukka opp maskar og strikka ermene derfrå. Ein bruker einsfarga fire- eller femtrådsgarn og ti-elleve strømpepinnar, og lager mønster ved hjelp av rett- og vrangstrikk. Marineblått er den vanlegaste fargen.[7]
Moderne, masseproduserte genserar blir laga på strikkemaskin og kan vera i ei rekkje ulike garntypar. Collegenseren har til dømes svært tynt garn som gjev han eit tett stoff. På slike genserar kan ein trykka ulik dekor som skrift, tal eller bilete.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Guernsey partakes of the manufacture of wool into coarse fabrics, especially such as are adapted for sailor’s clothing, and these articles, many of them knitted, are to be found in the seaports of most parts of the world». (Lenfestey).
- ↑ A knitted history – the understated and practical traditional guernsey jumper, Visit Guernsey, 10/05/11
- ↑ Domnick, Sabine (2007), Cables, Diamonds, Herringbone, Down East Enterprise, s. 9
- ↑ Valerie Cumming, C. W. Cunnington, P. E. Cunnington (2010), The Dictionary of Fashion History, Berg, s. 200
- ↑ 5,0 5,1 'Fair Isle' patterned jumper, A History of the World; History, mativentrillon.co.uk; David Colman (1. desember 2010), «The Pedigree, Knitted In», The New York Times
- ↑ «Genser». digitaltmuseum.no. Henta 29.11.2022.
- ↑ Lenfestey, Gillian, Behind the Wardrobe Door: The Guernsey, The National Trust of Guernsey