Selburosa
Selburosa, selburose eller selbumønster er eit ornament forma som ei stjerne eller rosett med åtte spisse blad. Ho har som tradisjonelt vore brukt i mønster på strikkeplagg frå Selbu i Trøndelag. Selburoser finst i ulike former, mønsterkombinasjonar og fargar, men oftast som svarte figurar på kvit botn. Plagg med med dette rosemønsteret kan kallast selbuvottar, selbugenser, selbustrømper, selbustrikk og så vidare.
Selburosa er truleg det meste brukte strikkemønstret i Noreg. Mønsteret er òg brukt utanfor grensene til landet som symbol på Noreg og norsk folkekunst. Selburose kan i engelsk strikketerminologi òg bli kalla Selbu star og Norwegian star.
Historikk
endreMedan kvernsteinproduksjon lenge hadde vore viktigaste næringsveg i Selbu, blei kvernsteinar erstatta av valsemøller frå slutten av 1800-talet, og ein byrja leita etter nye måtar å få inntekter på.[1] Marit Guldsetbrua Emstad (fødd 1841) frå Selbu skal ha vore den første som leverte vottar med selburoser til Husfliden i Trondheim, i 1897. Ho kan ha henta inspirasjon frå eldre strikkeoppskrifter, treskurd og annan husflid. Liknande mønster finst òg i gamle mønsterbøker frå Italia, Frankrike, Sveits og Tyskland på 1500-1700-talet.[2]
Selbu husflidsentral blei skipa i i 1934, og etter eit par år blei det laga 90 000 par selbuvottar. Tre fjerdedelar av produksjonen blei eksportert. I tillegg til selburosa kunne selbuvottane ha bilde av personar, dyr og plantar.
Bruk som symbol
endreKommunevåpenet for Selbu kommune viser tre selburoser, definert som 24 spisse, svarte spissruter samla i tre rosettar, to over ein mot sølvbakgrunn.[a] Den stiliserte blomen symboliserer den sentrale rolla til selbustrikken i kulturarven på staden. Våpenet vart godkjent i 1991.[3]
Den Norske Husfliden har ei rosa selburose som merke.
Då StatoilHydro endra namn til Statoil i 2009, presenterte selskapet ein ny logo for konsernet, ei lilla sekstakka stjerne med form som minna sterkt om selburosa brukt av Husfliden.[4][5]
Galleri
endre-
Rett- og vrangsida på en lusekofte med selburoser i svart på kvitt.
-
Lusekofteliknande genser med strikka selbumønster og metallspenner i halssplitten.
-
Karen Garberg sorterer selbuvottar, luer, skjerf og andre strikkeplagg i 1944.Foto: Arkivverket
-
Milorg-fenrik Terje Rollem iført karakteristiske nikkers og selbustrømpar tek over Akershus festning frå Wehrmacht-major Josef Nichterlein 11. mai 1945, få dagar etter frigjeringa etter krigen.Foto: Johannes Stage/Oslo Museum/digitaltmuseum.no
-
Kommunevåpen for Ulvik kommune i Hordaland: «På raud grunn åtte gull spissruter i rosett.»
Sjå òg
endre- Oktagram, åttetakka stjerne
Merknadar
endre- ↑ «I sølv 24 sorte spissruter samlet i tre rosetter»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Selburose» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2010.
- Referansar
- ↑ «Skatten i srikkebokkista». Dag og tid. 24. februar 2017. s. 27.
- ↑ Om selbumønsteret i Andemor Sundbøs Kvarsdagsstrikk frå 1994 (avfotografert bok frå Nasjonalbiblioteket)
- ↑ Selbu kommune om kommunevåpenet (2011), arkivert frå originalen 27. desember 2016, henta 11. januar 2018
- ↑ «Statoil ASA». Store norske leksikon.
- ↑ «Statoil sponser Husfliden etter 'logotyveri'». TV2.no. 19.11.2009.