Laks
Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.
Laks | |
Laks | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av laks | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Laksefiskar Salmoniformes |
Familie: | Laksefamilien Salmonidae |
Slekt: | Salmo |
Art: | Laks S. salar |
Vitskapleg namn | |
Salmo salar |
Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.
På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil.[1][2][3] Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.
Det vert drive sportsfiske etter laks.
Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.
Sjå òg
endre- Oppdrettslaks
- Fiskeoppdrett
- Lakselus
- Lakseparasitten Gyrodactylus salaris
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 29. oktober 2016, henta 8. januar 2017
- ↑ «Bleke – Setesdalswiki», www.setesdalswiki.no, arkivert frå originalen 9. januar 2017, henta 21. juni 2022
- ↑ http://www.vanerblanket.se/om-vanern/fakta-om-vanerlaxen/
Bakgrunnsstoff
endreSlå opp laks i Wiktionary, den frie ordboka. |
- Laksefakta.no
- Meir fakta om Laks Arkivert 2005-02-12 ved Wayback Machine.
- Miljøstatus i Noreg - laksefisk Arkivert 2005-11-26 ved Wayback Machine.