Hopp til innhald

Kurt Waldheim: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Hxhbot (diskusjon | bidrag)
SieBot (diskusjon | bidrag)
Line 40: Line 40:
[[ar:كورت فالدهايم]]
[[ar:كورت فالدهايم]]
[[bg:Курт Валдхайм]]
[[bg:Курт Валдхайм]]
[[ca:Kurt Waldheim]]
[[cv:Курт Вальдхайм]]
[[cv:Курт Вальдхайм]]
[[cs:Kurt Waldheim]]
[[cs:Kurt Waldheim]]
Line 48: Line 49:
[[en:Kurt Waldheim]]
[[en:Kurt Waldheim]]
[[es:Kurt Waldheim]]
[[es:Kurt Waldheim]]
[[eo:Kurt Waldheim]]
[[fr:Kurt Waldheim]]
[[fr:Kurt Waldheim]]
[[gl:Kurt Waldheim]]
[[gl:Kurt Waldheim]]
Line 54: Line 56:
[[it:Kurt Waldheim]]
[[it:Kurt Waldheim]]
[[he:קורט ולדהיים]]
[[he:קורט ולדהיים]]
[[la:Curtius Waldheim]]
[[nl:Kurt Waldheim]]
[[nl:Kurt Waldheim]]
[[ja:クルト・ヴァルトハイム]]
[[ja:クルト・ヴァルトハイム]]

Versjonen frå 18. juni 2007 kl. 17:29

Kurt Waldheim (21. desember 1918 - 14. juni 2007) var ein austerrisk diplomat og konservativ politikar. Han tente som generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå 1972 til 1981 og som austerrisk president frå 1986 til 1992. Han er den eldste nolevande tidlegare generalsekretær for SN, og einaste nolevande tidlegare austerriske presidenten.

Barndom og utdanning

Kurt Waldheim vart fødd i Sankt Andrä-Wördern, ein landsby nær Wien i Austerrike den 21. desember 1918. Far hans var ein katolsk skoleinspektør og ein aktiv kristensosialist. Kurt tok utdanning ved konsulatakademiet i Wien, og tok eksamen i 1936. Han anses for å ha vore politisk nøytral i denne perioden.

Nazist-tilknytingar

Eit stutt bel etter at Tyskland annekterte Austerrike i 1938 søkte Waldheim om medlemskap i den Nasjonalsosialistiske tyske studentsameininga.

Militær karriere

Tidleg i 1941 vart Waldheim rekruttert til den tyske Wehrmacht og sent til austfronten, kor han tenestegjorde som skvadronleiar. Han vart såra tidleg i 1941, og vart i følgje biografien sin dimmitert på grunnlag av uføre, og vende attende til Wien for å fullføre doktogradsstudier i juss. Dokumentasjon har vorte funnen i seinare tid som prover at Waldheim tenestegjorde mye lenger enn berre fyrste del av 1941: i 1943 tenestegjorde han under general Alxander Löhr, ein austerrikar som vart avretta i 1947 for krigsbrotsverk, då serleg for si rolle i transportasjonen av 40 000 jødar til Auschwitz. Waldheim vart med tida overløitnant for motstandsnedkjemping (Feindaufklärung) i Tessaloniki under General Löhr. I 1986 hevda Waldheim at han berre arbeidde som tolk og sekretær, og at han ikkje hadde noko kjennskap til åtak på sivile eller massakrar i naboprovinsen Jugoslavia, men augevitner og rapportar hevdar at han var til stades på stabmøter kor desse sakene vart diskuterte.

I 1945 overgav han seg til Britiske styrkar i Kärnten, etter å ha flykta frå si stilling under General Löhr.

Diplomatisk karriere

Waldheim byrja arbeide for den austerrikske diplomattenesta i 1945 etter å fullførd jussstudiene ved Universitetet i Wien. Han tenestegjorde mellom anna i utanriksdepartementet i Wien frå 1951 til 1956, då han vart utnemnd til ambassadør til Canada. Han vende attende til utanriksdepartementet i 1960, og vart utnemnd som permanent utsending for Austerrike til Dei sameinte nasjonane i 1964. Frå 1968 til 1970 tenestegjorde han som utanriksministar, men vende attende til si stilling for Austerrike i SN i 1970. Han stilte til det austerikske presidentvalet i 1971, men tapte. Same året vart han utnemnd som etterfylgjar for U Thant som generalsekretær for SN. Han vart attvald i 1976, tross noko motstand. I 1986 stilte han til val for ein tredje Som som generalsekretær, men Kina nedla veto i Tryggingsrådet, og den peruvianske diplomaten og politikaren Javier Pérez de Cuéllar ettefylgde han.

President av Austerrike og Waldheimaffæren

Waldheim tapte det austerikske presidentvalet i 1971, men då han stilte i 1986 lukkast han. I 1986 byrja òg det som seinare vart kjend som Waldheimaffæren. Før presidentvalet røpa Alfred Worm i det austerikske vekemagasinet Profil at fleire deler av perioden 1983 til [1945]] ikkje vart omtala i Waldheim si nyutgjeve sjølvbiografi. Kort etter vart det avslørd at Waldeim hadde loge om tenestetida si i SS-kavaleristyrkane. I staden for sanninga om tenesten si, hadde Waldheim skreve at han vart såra og studerte juss i Wien dei siste åra av krigen. Det vart spekulert mye ikring Waldheim sine aktivitetar i denne perioden, og han vart anklaga for anten å vere invilvert i eller medverkande til krigsbrotverk.

Gjenom heile presidentskapen sin var Waldheim og kona Elisabeth personae non gratae av ein rekkje land. I løpet av dei seks åra han var president vitja Waldheim Midtausten og Vatikanstaten, men aldri andre europeiske statar eller USA.

Den austerikske regjeringa oppnemnde ein komité av internasjonale historikarar til å granske Waldheim sitt liv mellom 1938 og 1945. Rapporten slo fast at Waldheim truleg visste om krigbrotverka, men ikkje var personleg involvert. Denne rapporten vart omstridt av somme.