Sjøsamar
Sjøsamar er ei gruppe samar som tradisjonelt har halde til ved kysten av Nord-Noreg. Dei livnærte seg gjennom fiske, fangst, sanking og jordbruk, særleg husdyrhald. Mange var også snikkarar og smedar, og nokre var båtbyggjarar.[1]
Område
[endre | endre wikiteksten]Ein reknar som regel sjøsamar som busette frå dei nordlegaste delane av Nordland og langs kysten til Varangerhalvøya er blitt rekna som sjøsamar. Dei fleste bur i Tysfjord eller langs fjordar i Troms og Finnmark.[2] Det finst også sjøsamar i skoltesamiske område like sør for Varangerfjorden,[3] og tidlegare på Kolahalvøya og på begge sider av Bottenvika. Nokre forskarar meiner også at ein tidlegare fann sjøsamar så langt sør som Trøndelag.[2] Sjøsamar tok del i hanshandelen i Bergen, både med handelsvarer og gjennom jektebygging.
Sjøsamar dreiv lenge med sesongflytting mellom fleire faste buplassar. Observasjonar tyder på at dei kunne ha opptil fire ulike buplassar før 1700-talet, to på 1700- og 1800-talet, før dei blei heilt fastbuande på 1900-talet.[4][5]
Fordi det var i sjøsamiske område at nordmenn sørfrå slo seg ned, blei sjøsamane raskare assimilerte og mista fleire av dei gamle tradisjonane sine enn innlandssamane.[2] Bruk av samisk forsvann gradvis frå sjøsamiske område, særleg etter andre verdskrigen.[5] Det var lenge knytt meir skam til å vera sjøsame enn til det å vera innlandssame, og identiteten blei ofte tagd om.[6] Denne «samiske skamma» skal ha endra seg i løpet av den siste generasjonen, og frå midten av 1990-åra er det blitt meir populært å rekna seg som sjøsame.[7]
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Sjøsamar har snakka fleire samiske språk, som lulesamisk og ulike dialektar av nordsamisk.[2][8] Svært mange har i dag norsk som morsmål.
Grene (rátnu) er eit ullteppe som sjøsamar har vove gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt.[9] Dei blei også selde både sør i Bergen og nord, særleg i Skibotn og Bossekop. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør.[2] Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.[10]
Sjøsamisk Tun i Smørfjord på vestsida av Porsangerfjorden er ein rekonstruert buplass frå tidleg på 1900-talet. Holmenes sjøsamiske gård i Kåfjord er ein sjøsamisk gard frå 1700- og 1800-talet som høyrer til Nord-Troms Museum.
Riddu Riđđu-festivalen, skipa i 1991, har bidrege til å skapa blest om og positive haldningar til sjøsamisk kultur.[7][2] Sjøsamisk kompetansesenter i Porsanger blei skipa i 2002.
Kjende sjøsamar
[endre | endre wikiteksten]- Lene Hansen, opphavskvinne til og leiar av Riddu Riđđu-festivalen
- Irene Larsen, lyrikar
- Anders Paulsen, trolldomsdømd sjaman
- Geir Tommy Pedersen, sametingspolitikar
- John Persen, komponist og opphavsmann til Ultimafestivalen
- Gunn-Britt Retter, sametingspolitikar
- Ole Andreas Thomassen, folkeminnesamlar og forfattar av den første skildringa av sjøsamane i Lyngen og Porsanger
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Bumenn
- Fjellsamar (innlandssamar eller reindriftssamar)
- Skogsamar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Elinor Carlsson, Sjösamisk kultur i Nordnorge
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Harald Gaski (27.03.2009), «sjøsamer», Store Norske Leksikon; Harald Gaski (14.09.2011), «lulesamer», Store Norske Leksikon
- ↑ Phebe Fjellström (1985), Samernas samhälle i tradition och nutid: [Lappish society in tradition and the present day] (på svensk), Stockholm: Norstedt, ISBN 91-1-853222-5 (etter Svensk Wikipedia)
- ↑ Jon Egil Nilsen, Samiske boplasser, Sjøsamisk Tun
- ↑ 5,0 5,1 «6 Sjøsamene i Finnmark – bosetning og kultur», Retten til fiske i havet utenfor Finnmark (Fiskeri- og kystdepartementet), NOU 2008: 5
- ↑ ”Du skal ikke leite lenge før komagtuppan stikk fram”, Presentasjon av utstilling på RiddoDuottarMuseat – De Samiske Samlinger, Karasjok
- ↑ 7,0 7,1 Joakim Thorkildsen; Skjalg Fjellheim (16.07.2004), Trendy å være sjøsame?
- ↑ «5.2 Det nordsamiske språkområdet», Samisk lærerutdanning (Kunnskapsdepartementet), NOU 2000: 3
- ↑ Manndalsgrene - Rátnu, Manndalen Husflidslag
- ↑ Manndalen, Manndalen Ungdoms- og Idrettslag
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Mearrasámi duodjedállu/Sjøsamisk kompetansesenter Arkivert 2011-11-20 ved Wayback Machine.
- Sjøsamer i Store norske leksikon