Thomas von Westen
Thomas von Westen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1682 Trondheim |
Død | |
Yrke | prest, misjonær |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Thomas von Westen på Commons |
Thomas von Westen (13. september 1682–9. april 1727) var norsk prest og misjonær blant samane.
Etter militærteneste byrja han i 1697 på utdanninga si i København. Frå 1709 var von Westen sokneprest på Veøy i Romsdal, der han var leiar for prestelauget «7-stjerna» som utarbeidde ein strategi for å kristne samane. Etter at danskekongen etablerte Misjonskollegiet i 1714, vart Thomas von Westen utnemnd til leiar for Lapplandsmisjonen i 1716.[1] I 1716 deltok von Westen på seminar ved Katedralskolen i Trondheim for å bli lektor i samisk, og der tok han opp arbeidet med å kristne samane. For dette arbeidet fekk han tilnamnet «Samanes Apostel». I løpet av perioden 1716-1723 gjennomførte han tre større misjonsreiser nordover. von Westen etablerte i Mo i Rana både ei kyrkje og ein sameskole.
Von Westen i norsk misjonshistorie
[endre | endre wikiteksten]I norsk misjonshistorie representerer von Westen den fløya som har vore positive til bruk av samisk språk i forkynninga. Det at han døydde var såleis eit attendeslag for bruk av samisk, og det innleidde ei 25 års lang fornorskingstid, før Seminarium Lapponicum vart stifta i 1752.
Von Westen i samisk religionshistorie
[endre | endre wikiteksten]Den første generasjonen av misjonsprestar har ei svært viktig rolle i samisk religionshistorie, i og med at deira notat er dei einaste som møter den samiske religionen frå tida før han hadde komme under massiv kristen påverknad. I kristningsarbeidet sitt skreiv von Westen ned detaljerte «skriftemål» frå kristna samar, skriftemål som særleg omhandla den førkristne religionen deira. Notata gjekk tapt i Brannen i København i 1793, i lag med den samiske trommesamlinga hans. Delar av notata er likevel indirekte bevart, i og med at dei sannsynlegvis ligg til grunn for misjonshistoria til Hans Skanke, von Westens elev.
Seinare samisk religionshistorisk forsking har vore avhengig av von Westen si framstilling.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Sæter, Ivar 1926: Thomas von Westen. Finnefolkets sande ven, læreren og videnskapsmanden.