Hopp til innhald

Moen i Målselv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. februar 2024 kl. 21:27 av 4ing (diskusjon | bidrag) (top: nytt fylke using AWB)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Moen
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Målselv
Areal 1,03 km²
Folketal 853  (2023)
Folketettleik 828 / km²
Postnummer 9321
Preposisjon Moen
Ferdselsårer E6, 854
Kart
Moen
69°07′49″N 18°36′44″E / 69.130277777778°N 18.612222222222°E / 69.130277777778; 18.612222222222

Moen er ein tettstad og administrasjonssenter i Målselv kommune i Troms. Staden har har 853 innbyggjarar per 1. januar 2023. Høgtun vidaregåande skole, med studieretningar for estetiske fag, ligg i Moen, og her ligg òg hovudkontoret for avisa Nye Troms.

Tettstaden ligg langs nedre del av Målselva og er delt i to delar, Moen og Olsborg. Kommuneadministrasjonen held til på Moen, medan skular og det meste av forretningar ligg på Olsborg. Riksveg 854, som går mellom Målsnes og Rundhaug, går gjennom heile tettstaden, og vert kryssa av Europaveg 6 midt mellom Moen og Olsborg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.