Moen i Målselv
Utsjånad
Moen | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Målselv | ||
Areal | 1,03 km² | ||
Folketal | 853 (2023) | ||
Folketettleik | 828 / km² | ||
Postnummer | 9321 | ||
Preposisjon | på Moen | ||
Ferdselsårer | E6, 854 | ||
Moen 69°07′49″N 18°36′44″E / 69.130277777778°N 18.612222222222°E |
Moen er ein tettstad og administrasjonssenter i Målselv kommune i Troms. Staden har har 853 innbyggjarar per 1. januar 2023. Høgtun vidaregåande skole, med studieretningar for estetiske fag, ligg i Moen, og her ligg òg hovudkontoret for avisa Nye Troms.
Tettstaden ligg langs nedre del av Målselva og er delt i to delar, Moen og Olsborg. Kommuneadministrasjonen held til på Moen, medan skular og det meste av forretningar ligg på Olsborg. Riksveg 854, som går mellom Målsnes og Rundhaug, går gjennom heile tettstaden, og vert kryssa av Europaveg 6 midt mellom Moen og Olsborg.
Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.