Beiarn kyrkje
Beiarn kyrkje | |||
kyrkje | |||
Einar B. Skomsvoll
| |||
Sokn | Beiarn | ||
---|---|---|---|
Stad | Moldjord i Beiarn | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | teikna av forstassistent L.W.Nissen , Beiarn, korrigert av arkitekt Eckhoff | ||
Teknikk | lafta | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 23.oktober 1873 | ||
Døypefont | Raudmåla døypefont i tre, ( 1725), med dåpsfat i tinn | ||
Altartavle | måla av Godtfred Ezekiel (1726), donert av Maren Pedersdtr. Schelderup, Karen Strømer, Magdalene Sophie Bruun | ||
Sitjeplassar | 320 | ||
Beiarn kyrkje 67°00′23″N 14°34′19″E / 67.0063°N 14.572°E | |||
Wikimedia Commons: Beiarn kirke |
Beiarn kyrkje ligg på Moldjord i Beiarn kommune i Nordland. Ho høyrer til Beiarn sokn i Salten prosti. Kyrkja er ei langkyrkje, av tømmer, med omlag 320 sitteplassar. Bygginga starta i 1872, men på grunn av ein storm 21. januar 1873, måtte alt rivast. Kyrkjetomta varte flytta litt bortafor og dei byrja bygginga på nytt. Ho vart vigsla 23. oktober 1873. 27. februar 1874 vart ho enno ein gong stormskadd, men i løpet av 1874 og -75 vart ho reparert og forsterka.
Beiarn gamle kyrkje vart først bygd som annekskyrkje Beiarn kyrkje ligg på Moldjord i Beiarn kommune i Nordland. Ho høyrer til Beiarn sokn i Salten prosti. Kyrkja er ei langkyrkje, av tømmer, med omlag 320 sitjeplassar. Bygginga starta i 1872, men på grunn av ein storm 21. januar 1873, måtte alt rivast. Kyrkjetomta varte flytta litt bortafor og dei byrja bygginga på nytt. Ho vart vigsla 23. oktober 1873. 27. februar 1874 vart ho enno ein gong stormskadd, men i løpet av 1874 og -75 vart ho reparert og forsterka.
Beiarn gamle kyrkje
Beiarn gamle kyrkje vart først bygd som annekskyrkje («finnekapell») i Gildeskål sokn i 1724, etter initiativ frå Thomas von Westen, «Samenes apostel», i 1716 . Beiarn gamle kyrkje ble truleg bygd som ei laftalangkyrkje, men har fått noen tilbygg sidan og framstod etter kvart som ei korskyrkje. Den sørlige vingen vart bygd såpass stor at han vart kalla "nykjerka." Omkring 1860 var kyrkja blitt i så dårlig forfatning at det vinterstid ofte stod 30 cm med vatn over kyrkjegolvet, og vart det kaldt fraus vatnet til is. Det ble sett i gang eit arbeid for å byggje ei ny kyrkje. Beiarn heradstyre vedtok 30. september 1875 at kyrkja skulle rivast. Det kyrkjelige inventaret vart plassert på loftet i den nye Beiarn kyrkje, det som soknepresten ikkje så mon i vart auksjonert bort, restane vart brente.
Kjelder
- Erling Vegusdal Eriksen: Beiarn soknekalls historie. Beiarn, 1949.
- Tilsvarande artikkel på bokmålswikipediaen