Daimler AG
Daimler AG | |||
| |||
| |||
Bransje | Bilindustri, bygging av motorkøyretøy | ||
---|---|---|---|
Skipa | 17. november 1998 | ||
Eigar | BlackRock | ||
Dotterselskap | Mercedes-Benz, Daimler Trucks, Mercedes-Benz Argentina | ||
Eigenandel i | EvoBus, Daimler Trucks, Mercedes-Benz-bussar, Mercedes-Benz, Flix SE, Mercedes-Maybach, Mercedes-Benz, Mercedes-Benz Minibus, KamAZ | ||
Hovudkontor | Stuttgart | ||
Land | Tyskland | ||
Produkt | bil, varebil | ||
Styreleiar | Bernd Pischetsrieder (april 2021), Manfred Bischoff (april 2007), Hilmar Kopper (november 1998) | ||
Adm.dir. | Ola Källenius (22. mai 2019)[1] | ||
Salsinntekter | 17 423 000 000 euro (31. desember 2023)[2] | ||
Omsetnad | 17 423 000 000 euro (31. desember 2023)[2] | ||
Resultat | 14 261 000 000 euro (31. desember 2023)[3] | ||
Nettstad | https://group.mercedes-benz.com/ (tysk) |
Daimler AG (tidlegare Daimler-Benz AG, DaimlerChrysler AG) er ein tysk bilprodusent med hovudkvarter i Stuttgart. Selskapet er den største lastebilprodusenten og den trettande største bilprodusenten i verda, og har i tillegg store aksjeposter i luftfartsgruppa EADS, teknologi- og bilprodusenten McLaren Group, den japanske lastebilprodusenten Mitsubishi Fuso Truck and Bus Corporation.
Selskapet vart stifta i 1998 då Mercedes-Benz-produsenten Daimler-Benz (1926-1998) fusjonerte med usa-amerikanske Chrysler Corporation. Denne avtalen gjorde at eit nytt selskap vart stifta, kalla DaimlerChrysler. Den 14. mai 2007 annonserte DaimlerChrysler at Chrysler var selt til investeringsgruppa Cerberus Capital Management, og den 4. oktober same år vart eit namnebyte godkjent på ei ekstraordinær generalforsamling. Frå 5. oktober 2007 har selskapet difor hatt namnet Daimler AG.
Selskapet produserer i dag bilar og lastebilar under merkenamna Mercedes-Benz, Maybach, Smart, Freightliner med fleire.
Historie
I 2002 hadde selskapet to uavhengige produktporteføljar, med få teikn på integrasjon. I 2003 vart det hevda av avisa Detroit News at det som vart presentert som ei samanslåing av to likeverdige selskap eigenleg var eit oppkjøp. Påstanden vart forsterka då nye produkt som Chrysler Crossfire (bygd hovudsakleg på Mercedes-delar) og Dodge Sprinter/Freightliner Sprinter (ein omdøypt Mercedes-Benz Sprinter) kom på marknaden.
Fusjonen, som var verd 36 milliardar US-dollar, var gjenstand for fleire søksmål, mellom anna eit som vart reist av milliardæren og investoren Kirk Kerkorian. Den 7. april 2005 gav dommaren Joseph Farnan Jr. DaimlerChrysler medhald, og Kerkorian tapte søksmålet.
I mai 2007 selde selskapet 80,9 % av aksjane i Chrysler-divisjonen til det usa-amerikanske investeringsselskapet Cerberus. DaimlerChrysler beheldt dei attverande 19,9 % av aksjane.
Leiarskap
Dieter Zetsche, tidlegare administrerande direktør i Chrysler-gruppa og Mercedes sin bildivisjon, vart styreleiar i DaimlerChrysler den 1. januar 2006, då den tidlegare styreleiaren Jürgen E. Schrempp trekte seg frå stillinga si, tre år før kontrakten hans gjekk ut, etter ein avtale med styret. Shrempp har fått skulda for fallet i selskapet sin aksjekurs etter Daimler-Benz sin fusjon med Chrysler i 1998, ein fusjon som Schrempp stod bak.
Merkenamn
DaimlerChrysler sel bilar under ei rekkje merkenamn over heile verda:
- Mercedes Car Group
- Chrysler Group
- Nyttekøyrety
Dei sel òg andre produkt under andre merkenamn:
- Motormerke
- Detroit Diesel
- Hemi
- Mopar
- MTU Friedrichshafen (selt til EQT i 2006)
- TV-kanalar
- DCTV (DaimlerChrysler Television)
- Finansielle tenester
Eigarskap
DaimlerChrysler eigde tidlegare ein stor aksjepost i det japanske selskapet Mitsubishi Motors, i tillegg til eigarskap i bilproduksjonen til koreanske Hyundai. Aksjeposten i Mitsubishi var så stor som 37 %, men vart redusert til 22 % i april 2004 då DaimlerChrysler ikkje deltok i ein emisjon. DaimlerChrysler selde selskapa MTU Friedrichshafen og Detroit Diesel til EQT i 2006.
DaimlerChrysler har i dag eigarskap i desse selskapa:
- 30,2 % i EADS (European Aeronautic Defence and Space Company), eigarselskapet til Airbus (per mars 2006). – DaimlerChrysler erklærde i april 2006 at dei vil selje 7,5 % av EADS for «omkring 2,0 milliardar Euro».
- 85,0 % i japanske Mitsubishi Fuso Truck and Bus Corporation.
- 100,0 % i Freightliner, LLC.
DaimlerChrysler har selt aksjane sine i følgjande selskap:
- 10,5 % i Hyundai Motor Company - kjøpt i 2000 og 2001 for 572 millionar dollar. Selt i august 2004 for 900 millionar dollar.
- 37,1 % i japanske Mitsubishi Motors - salet fullført den 18. november 2005.
Kjelder
- ↑ Daimler, Wikidata Q228894
- ↑ 2,0 2,1 https://www.boerse-frankfurt.de/equity/mercedes-benz-group/key-data; vitjingsdato: 23. mai 2023.
- ↑ https://www.boerse-frankfurt.de/equity/mercedes-benz-group/key-data; vitjingsdato: 23. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Daimler AG» frå Wikipedia på bokmål, den 23. april 2012.