Sosnowiec
Sosnowiec | |||||
---|---|---|---|---|---|
Sosnowiec | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske voivodskap | ||||
Byrettar | 1902 | ||||
Borgarmeister | Arkadiusz Chęciński | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
91,16 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2022) - folketettleik |
189 178 2075/km² | ||||
Koordinatar | 50°18′0″N 19°10′0″E / 50.30000°N 19.16667°E | ||||
Høgd over havet | 250 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41-200 til 41-225 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 32 | ||||
Bilnummer | SO | ||||
Nettstad: www.sosnowiec.pl |
Sosnowiec er ein by sør i Polen. Han ligg nær Katowice i Schlesiske voivodskap, og var ein av dei største byane i Øvre Schlesien industriområde. Historiske høyrde derimot Sosnowiec til Zagłębie Dąbrowskie og ikkje Schlesien. I dag har byen om lag 189 178 innbyggjarar.[1]
Namnet på byen vert stundom skrive på mange forskjellige måtar, som Sosnowietz, Sosnowitz, Sosnowjyc (schlesisk), Sosnovits (jiddisk), Sosnovyts, Sosnowyts, Sosnovytz, Sosnowytz, Sosnovets (russisk) og Sosnovetz. Det er fem mindre byar i Polen som òg heiter Sosnowiec. Dei ligg i regionane Bydgoszcz, Kielce, Łódź, Łomża og Opole.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sosnowiec er ein forholdsvis ny by og fekk byrettar først i 1902. Han oppstod då fleire landsbyar og busetnader, som er langt eldre, vart slått saman. Den eldste av desse er Milowice, Sielec og Pogoń, medan Modzejów,Niwka, Środula og Radocha om lag er like gamle. Etter den tredje delinga av Polen vart Sosnowiec gjeven til Kongedømet Preussen og vart så ein del av Hertugdømet Warszawa og Kongress-Polen under Russland.
Rundt byen var det mange gode naturressursar og då jernbanen mellom Warszawa og Wien kom til staden i 1859, voks byen raskt. Då byen fekk byrettar av tsar Nikolaj II hadde han 60 000 innbyggjarar.
Sosonowiec leid under begge verdskrigane. Under den første verdskrigen vart det meste av industrien stengd eller øydelagd, og under den andre verdskrigen vart mange av innbyggjarane i byen terroriserte og mange avretta. I januar 1945 vart byen frigjord og utviklinga kunne starte på nytt att.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ GUS, «Powierzchnia i ludność w przekroju terytorialnym w 2023 roku», stat.gov.pl (på polsk), henta 24. januar 2024
- Denne artikkelen bygger på «Sosnowiec» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sosnowiec på eit gammalt bilete
- Bilete av Sosnowiec Arkivert 2003-08-04 ved Wayback Machine.