12. desember
Utsjånad
12. desember er den 346. dagen i den gregorianske kalenderen (347. under skotår). Det er 19 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Sjølvstendedag i Kenya |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 12. desember i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Pia og Peggy |
Sverige | Alexander og Alexis |
Danmark | Epimachus |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 627: Slaget ved Ninive mellom det autsromerske riket og det persiske sassanideriket.
- 1901: Guglielmo Marconi fekk radiokontakt over Atlanterhavet for første gong.
- 1911: Hovudstaden i Britisk India blei flytta frå Calcutta til New Delhi.
- 1916: Danmark selde Dansk Vestindia til USA. Øyane er i dag kjende som dei amerikanske Jomfruøyane
- 1925: Reza Pahlavi blei utnemnd til sjah av Iran.
- 1963: Kenya lausreiv seg frå Storbritannia.
- 1979: Rhodesia endra namn til Zimbabwe.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1944: 11 nordmenn vert drepne i eit flyangrep mot Kristiansund.
- 1953: Songaren Kirsten Flagstad held avskjedskonsert i Nationalthetret i Oslo.
- 1959: Fetsundbrua og Minnesundbrua vert opna av kongen.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 12. desember.
- 1766: Nikolaj Karamzin, russisk forfattar og historikar
- 1821: Gustave Flaubert, fransk forfattar
- 1863: Edvard Munch, norsk målar
- 1910: Aslaug Låstad Lygre, lyrikar
- 1912: Thorbjørn Egner, norsk teiknar, forfattar og musikar
- 1915: Frank Sinatra, amerikansk songar og skodespelar
- 1934: Miguel de la Madrid, meksikansk president
- 1982: Heidi Løke, handballspelar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 12. desember.
- 1569: Metropolitt Filip II
- 1574: Selim II av Det osmanske riket
- 1754: Wu Jingzi, kinesisk forfattar
- 1843: Kong Vilhelm I av Nederland
- 1889: Robert Browning, britisk forfattar
- 1913: Keisar Menelek II av Etiopia
- 1934: Thorleif Haug, norsk skirennar
- 1960: Christopher Hornsrud, norsk statsminister
- 1965: Halvdan Koht, norsk histortikar og politikar
- 2003: Geidar Aliev, president i Aserbajdsjan