Hopp til innhald

Aasmund Såmundsson Nordgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aasmund Såmundsson Nordgaard

Aasmund Såmundsson Nordgaard måla av Mikkel Mandt.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. oktober 1776
Morgedal
Død

27. november 1864 (88 år)
Dalen i Tokke

Yrke politikar
Språk norsk
Aasmund Såmundsson Nordgaard på Commons

Aasmund Såmundsson Nordgaard (14. august 177627. november 1864) var ein norsk gardbrukar, byggmeister og stortingsmann frå Gjersund i bygda Morgedal. Han var elles ein evnerik mekanikar, metallarbeidar, urmakar og oppfinnar.

Nordgaard var son til ein gardbrukar og byggmeister i Brunkeberg sokn, Såmund Såmundsson Gjersund, som hadde bygt Brunkeberg kyrkje. Sonen Aasmund laga døypefonten til kyrkja. I døypefonten kom seinare for dag eit skriv der Aasmund fortel om seg sjølv:

«Ung reiste jeg til Kjøbenhavn for at lære noget og blant andet var der en Englænder, der var Manikus og lærte paa Akademiet at tegne, hvorved vandt jeg nogen Færdighed i Smidning og Dreining og Gjørtlerarbeide og Grundene i Bygnings og Maskinvæsenet. Efter min hjemkomst blev jeg 1801 antaget af Jacob Aall, eier af Næs Jernværk som Værksmester, mod at saavel denne som hans Broder Niels Aall skulde bekoste Reiser i Udlandet for enmere at perfektionere mig, som skeede ved Reiser mest i Sverige. 1806 blev jeg færdig med Opførelsen af Ulefos Saugbrug og som jeg ikke kunde tiene toe

Herrer, blev det besluttet, at jeg fremdeles skulde blive hos Hr. Niels Aall.»[1]

Nordgaard reiste til København for å gå veterinærskule, men gjekk snart over i byggfaget. Komen til Nes jernverk i 1801, bygde han ein masovn. Frå 1804 til 1806 var han tilsett hos Niels AallUlefoss. Der bygde han ein kjerrat på Ulefoss sagbruk.

Frå 1806 var han gardbrukar på Dalen i Mo i Telemark.

Seinare leia han bygginga av hovudbygninga på garden Søndre Brekke etter at Aall hadde kjøpt eigedomen i 1810.

Nordgaard studerte kanalbygging i Sverige, Trollhätte kanal, og var den fyrste som lanserte planar om kanalisering av vassdraget oppover i Telemark. Han foreslo også sluseverket ved Løveid.

Slektningen Simon Nordgaard skreiv:

«At han var den første som fremkastet ideene til sluseverket ved Løveid vil vel ingen bestride. Jeg har selv sett modellerne dertil, de var fullstendige og detaljerte utførdte og oppstillede på sagbekken på Dalen. Jeg tror han også var i Kristiania med modellerne, men han var forann sin tid, og ingen annen heftede sig med dem. Foruten modellerne til sluseverket gjorde han også vogner som gikk på jernbaneskinner og skulle være til at trække gods over Geiteryggen, de var indrettet således at når den ene vogn gikk opp gikk den andre ned. Også denne modell erindrer jeg at have seet».

Nordgaard var ei drivande kraft i bygginga av Telemarkskanalen og vart sidan vald til sekretær for Vrangfoss-kommisjonen.

Stortingsmann

[endre | endre wikiteksten]

Nordgaard representerte Bratsberg ved det fyrste Stortinget, hausten 1814. 10. oktober var han med i deputasjonen til Kristian Fredrik. Sidan var han med i delegasjonen som reiste til Stockholm for å forhandle med Sverige om vilkåra for unionen mellom Noreg og Sverige.

Nordgaard døydde 1864 på garden sin i Mo i Telemark.

Nordgaard etterlet seg to legat for Telemark: Aasmund Nordgaards legat for arbeidere og Aasmund Nordgaards legat av Vannverket.

  1. Håndskrevet brev funnet i døpefonten i Brunkeberg kirke