Alexis Pinturault
Utsjånad
Alexis Pinturault (fødd 20. mars 1991) er ein fransk skirennar frå Moûtiers. Han har sidan 2014 vore ein av dei aller beste alpine sikrennarane i verda, med storslalåm som spesialøving. Pinturault vann gullmedaljen i kombinasjonen under Verdsmeisterskapen 2019 i Åre, to år tidlegare vann han VM-gull med Frankrike i lagøvinga. Tre gongar har han vunne bronsen i storslalåmøvinga; Vinter-OL 2014, VM 2015 og VM 2019. Under vinterleikane 2018 sikra han seg sølvmedaljen i kombinasjonen. I verdscupen i alpine greiner vart Pinturault andremann i 2019 og 2020, tidlegare enda han på tredjeplassen i turneringa både i 2014, 2015 og 2016.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alexis Pinturault» frå Wikipedia på tysk, den 13. mars 2020.