Anna Ancher
Utsjånad
Anna Ancher | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 18. august 1859 Skagen |
Død | |
Yrke | kunstmålar, kunstnar |
Språk | dansk |
Medlem av | Skagensmålarane |
Far | Erik Andersen Brøndum |
Ektefelle | Michael Ancher |
Anna Ancher på Commons |
Anna Ancher, Anna Kirstine Brøndum Ancher (18. august 1859–15. april 1935) var ein dansk kunstmålar, gift med kunstnaren Michael Ancher. Ho vart fødd i Skagen, som den einaste av Skagensmålarane. Ho var søster til Degn Brøndum, eigaren av kunstnarane sitt samlingspunkt Brøndums Hotel.
Ho studerte i København og i Paris med Pierre Puvis de Chavannes som lærar, saman med Marie Triepcke.
Ancher måla ofte kvinner i situasjonar knytt til arbeid. Ho budde mestedelen av livet sitt på Skagen, der ho skildra fattige folk knytt til fiskeri. Måleria hennar er rekna å syna ei god evne til bruk av fargar.
Ho fekk utmerkinga Tagea Brandt Rejselegat i 1924.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anna Ancher