Arne Olsson Tonning
Arne Olsson Tonning | |||
Fødd | 9. mars 1834 Stryn kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juli 1892 (58 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Arne Olsson Tonning (9. mars 1834–26. juli 1892) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stryn i Nordfjord.
Tonning gjekk underoffisersskule og var furer fram til 1863. I 1860 overtok han farsgarden på Tonnning og dreiv denne til han døydde. Han hadde ei rekke verv og ombod i lokale tiltak. Mellom anna var han ordførar 1864-89, forlikskommissær frå 1872, sparebankkasserar frå 1878, direktør i amtets sitt dampskipsselskap (Fylkesbaatane) 1880-88.
Tonning var stortingsmann frå 1868 til han døydde i 1892. Han var heile tida medlem av militærkomiteen, sekretær 1874-88 og formann 1889-90 i same. Fast medlem av Lagtinget frå 1879, sekretær 1884-88 og president 1889-92. Elles medlem av valkomiteen 1877-92 og av fullmaktskomiteen 1889-92. Han var medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet i 1883-84. I 1873 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.
Tonning døydde 1892 i Kristiania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Arne Olsson Tonning NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1834
- Døde i 1892
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre
- Ordførarar i Stryn
- Folk frå Stryn