Around and Around
«Around and Around» singel av Chuck Berry | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. mars 1958 | |
Sjanger | Rock and Roll, R&B | |
Selskap | Chess 1691 | |
Komponist | Chuck Berry | |
Tekstforfattar | Chuck Berry | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry |
«Around and Around» er ein rockesong skriven av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen Johnny B. Goode i 1958.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5, i 1964. The Animals spelte òg inn songen i 1964.
David Bowie spelte inn songen i 1971, produsert av Ken Scott med tittelen «Round and Round». Han vart gjeve ut som B-sida til singelen «Drive-In Saturday» i april 1973. Dette er ein av dei sjeldnare innspelingane til Bowie. Han finst på samleplatene Rare (1983) ogSound + Vision. Ei biletdiskutgåve finst i både RCA Life Time og Fashion Picture Disc Set. I 2002 vart han gjeven ut på bonusplata som følgde 30-årsjubileumsutgåva til The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Andre artistar som har spelt songen er the Grateful Dead, som spelte han over 400 gonger på konsertar mellom 1970 og 1994. Han er med på 19 Grateful Dead-album.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Around and Around» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.