avisa Lister
Utsjånad
Lister | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Periodikum | ||
Grunnlagd | 1878 | ||
Nedlagd | 1934 |
Lister var ei norsk avis som vart utgjeven i Farsund i dåverande Vest-Agder.
Lister vart starta i 1878, men gjekk sidan inn i 1881. Avisa starta opp att to år seinare og vart venstresidas talerøyr i Farsund heilt fram til avisa gjekk inn i 1934.[1] Mellom anna får avisa æra for at Farsunds Avis vart starta i 1889, etter at ordet «presteskap» vart til «presteskrap» i ein artikkel frå ein fest halden av Farsund Høire.[2]
Namnet Lister vart frå januar 2010 teken i bruk av nettopp Farsunds Avis. Namnet vert brukt på Farsunds Avis si regionsutgåve kvar torsdag.[3] Dermed stod Lister opp att etter 76 år, takka vere sin gamle erkerival.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Liste over historiske aviser
- ↑ Om Farsunds Avis Arkivert 2009-05-10 ved Wayback Machine. henta 7. januar 2010
- ↑ Navneskifte og ny profil[daud lenkje] henta 7. januar 2010