Ayutthaya-fylket
Ayutthaya-fylket | |||
fylke | |||
Land | Thailand | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 556,64 km² | ||
Folketal | 803 599 (31. desember 2014)[1] | ||
Ayutthaya-fylket 14°20′58″N 100°33′34″E / 14.349444444444°N 100.55944444444°E | |||
Ayutthaya markert med raudt.
| |||
Wikimedia Commons: Phra Nakhon Si Ayutthaya Province |
Ayutthaya (Changwat Phra Nakhon Si Ayutthaya) er eit fylke i det sentrale Thailand. Det ligg omtrent to mil nord for Bangkok og enda nærare storbyområdet som Bangkok er ein del av.
Arealet er 2 556,6 km². I 2014 var det 803 599 innbyggjarar i fylket.
Fylkeshovudstad er den gamle kongebyen Ayutthaya, tidlegare hovudstaden i Siam. Andre byar inkluderer Bang Pa In lengre sør, også denne med eit gammalt kongepalass.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Ayutthaya vart grunnlagd kring 1350,[2] og vart hovudstaden til kong U-thong[3] (d. 1369), den fyrste herskaren av Kongedømet Ayutthaya.
I 1767 fall hovudstaden etter å ha vore kringsett av burmesarane i 14 månader, og vart brunnen ned.[4]:218
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Området har jordbruk med dyrking av ris, sukker, bananar og mais.
Jordbruksområda ligg mellom anna langs elveleia til dei store elvene Chao Phraya og sideelvene til denne, Lopburi-elva og Pa Sak-elva.
Fylket har turisme relatert til fornminne frå Ayutthaya-kongeriket og elles.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Toglinjer
[endre | endre wikiteksten]- Nord-bana, toglinja mellom Chiang mai og Bangkok, har stasjonar i fylket, og går nordover til Saraburi-fylket.
- Nordaust-bana stansar i fylket og går innom Saraburi-fylket og Nakhon Ratchasima-fylket på veg mot enten Ubon Ratchathani-fylket i aust eller Nong Khai-fylket i nord.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Nabofylke
[endre | endre wikiteksten]Ayutthaya grensar til Lop Buri, Saraburi, Nonthaburi, Pathum Thani, Nakhon Pathom, Suphan Buri og Ang Thong.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Eit mursteinstårn som er eit fornminne.
-
Flytande paviljong ved kongepalasset i Bang Pa In.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://stat.dopa.go.th/stat/statnew/statTDD/views/showDistrictData.php?statType=1&year=57&rcode=14.
- ↑ «Historic City of Ayutthaya». UNESCO. Henta 28. september 2019. «Founded c. 1350, Ayutthaya [...]»
- ↑ The Royal Institute. List of monarchs Ayutthaya Arkivert 3. desember 2013 ved Wayback Machine.
- ↑ Ruangsilp, Bhawan (2007). Dutch East India Company Merchants at the Court of Ayutthaya: Dutch Perceptions of the Thai Kingdom c. 1604–1765. Leiden, Netherlands: Koninklijke Brill NV. ISBN 978-0-300-08475-7. Henta 20. november 2009.
- ↑ «A stroll back in time». Bangkok Post. 4. juli 2020.