Bømlo gamle kyrkje
Bømlo gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bømlo | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnhordland | ||
Teknikk | Tømra | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1621 | ||
• Endringar | Restaurert 1885 og 1951 | ||
Preikestol | Frå 1885 | ||
Altartavle | Måla av Johan Holme i 1885 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Bømlo gamle kyrkje 59°36′31″N 5°12′53″E / 59.608565°N 5.21464306°E | |||
Wikimedia Commons: Bømlo gamle kirke |
Bømlo gamle kyrkje er ei langkyrkje på Vorland på Bømlo. Den noverande kyrkja kan ha vore bygd i 1621, eller litt seinare på 1600-talet, men har etter den tid vorte vølt og ombygd fleire gonger, sist gong i 1951. Det har stått kyrkje på Vorland sidan mellomalderen og kyrkja her vart nemnd første gongen i 1360.
Den aller første kyrkja på Bømlo var truleg bygd i Eidesmarkjo på Eide. Segna fortel at kyrkjetømmeret ei natt, av overnaturlege krefter, vart flytta inn til Vorland. Kyrkja vart såleis flytta frå klosterjorda til prestebolsjorda.[1] På Vorland vart kyrkja bygd eit stykke sørvest for tunet på Basthogjen, under Fjellet. Den gamle kyrkja vart riven i 1620 og den nye ført opp i 1621.
Kyrkja er utan tårn, men har ei luke i gavlen for å sleppe ut klokkeklangen. I 1848 fekk kyrkja nytt kor, og i 1885 vart kyrkja ombygd med nye benkar og galleri langs eine langsida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kari Shetelig Hovland, «Bømlo bygdebok - Gards- og ættesoge for Bømlo sokn» (1972) ISBN 82-7129-000-2
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bømlo gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Bømlo gamle kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.