Bensin
Bensin er eit handelsnamn for eit petroleumsdestillat som hovudsakleg vert utgjort av hydrokarbonar. Hydrokarbonane er alkan med mellom 4 til 12 karbonatom. For det meste ulike oktan, men òg heptanar og heksanar. I tillegg inneheld bensin ulike tilsettingsmiddel som til dømes antibankemiddel og vassabsorberande middel.
Den største bruken av bensin er som brensle i mindre forbrenningsmotorar, i bensinmotorar. Motorane har gjerne ein effekt på frå nokre få til nokre hundre kilowatt i mopedar, motorsyklar og personbilar.
Bensin er flytande ved ved normal temperatur og trykk. Bensin er brannfarleg, då bensindamp vert spreia fort og er lettenneleg.
Bensin er eit av produkta ved oljeraffinering og vert utvunne frå råolje.
Når bensin vert nytta som drivstoff, er det ikkje helt reint, men tilsett ei rad stoff for å forbetra eigenskapane. Det såkalla oktantalet vert nytta til å oppgje kor gode desse eigenskapane er.
Bensin kan nyttast til andre ting enn drivstoff. Til dømes kan bensin nyttast som rensemiddel, såkalla rensebensin.
Nokre typar bensin
[endre | endre wikiteksten]- Blyfri bensin
- Flybensin
- Totaktsbensin (bensin for totaktsmotorar, er tilsett olje)
- Rensebensin