Berar
Utsjånad
Berar er ein person som har som arbeid å bera noko for andre. Dette kan vera i samband med reise, til dømes på togstasjonar eller ved fjellklatring og andre ekspedisjonar. Børa til ein berar er gjerne tung, og kan omfatta proviantar, utstyr og bagasje.
Historisk har ein brukt menneske til å bera ting meir enn i dag, når mykje av beringa er overteken av maskinar i mange samfunn. Berarar er framleis i bruk i utviklingsland og på stader med ulendt eller veglaust terreng, som fjell eller tjukk skog. Dei kan også vera tilsette av historiske grunnar, til dømes ein pikkolo for å gje hotell eit tradisjonelt eller luksuriøst preg.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Teining frå 1890 av kvinner som ber bagasje for ein turist på Capri.
-
Atelierfoto av ein tyrkisk berar mellom 1880 og 1900.
-
Berar på Madagaskar rundt 1900.
-
Berarar i Korea rundt 1900.
-
Berarar ved Haag jernbanestasjon i 1921.
-
Berar på Kilimanjaro i 2015.
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Porter (carrier)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2019.